Ledig stilling i NHO Sogn og Fjordane

NHO Sogn og Fjordane søkjer rådgjevar i 2års engasjement.

#205

Fotograf: iStock

Publisert 28.09.16

Sogn og Fjordane

NHO Sogn og Fjordane har kontor i Florø, og har 750 medlemsbedrifter med om lag 12 000 årsverk. Hovudoppgåva er å drive lokalt opionionsskapande arbeid, påverke lokale og regionale styresmakter og gje råd og service til medlemsbedrifter i fylket.  

NHO Sogn og Fjordane søkjer ein utadvendt, målretta og sjølvstendig person i 2 års engasjement, gjerne med erfaring frå næringslivet. Du som søkjer har god kunnskap om næringslivet og innsikt i politiske prosessar. Du er nytenkjande, strategisk og systematisk. Du kommuniserer godt både skriftlig og munnleg. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er knytt til politikkutforming og innflytelse innanfor regional næringspolitikk og samferdsle. Journalistisk teft og kjennskap til bruk av ulike medieplattformer er ein stor fordel. Evne til å sette seg inni og bruke ulike datasystem er viktig. Førarkort kl. B og eigen bil er naudsynt.

NHO tilbyr gode mulegheiter for personleg og fagleg utvikling i eit aktivt og triveleg miljø.

Har du spørsmål kan du kontakte regiondirektør Jan Atle Stang på telefon 905 76 419.

Kortfatta søknad med CV kan sendast her innan 12. oktober 2016.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419