Leverandørkonferanse Hydrogen 11.11.2015

Akershus, Oslo, NHO og OREEC inviterar til konferanse med fokus på næringsutvikling innan det som kan bli Norges neste industrieventyr!

Publisert 02.10.15

Sogn og Fjordane

Oslo kommune og Akershus fylkeskommune har som mål å vere internasjonalt leiande i bruk av hydrogen til transport. Ein hydrogenstrategi vedteke i 2014 set høge ambisjonar for satsinga. Fleire pilotprosjek er gjennomført dei siste åra.

Satsinga har blant anna resultert i fem hydrogenstasjonar og fleire hydrogenbilar og –busser i regionen, og bidratt til å styrke kompetansen til regionens verksemder og forskningsinstitutt.

Arbeidet i Oslo og Akershus danner utgangspunktet for ei større nasjonal satsing på bruk av hydrogen som drivstoff. Dette skaper store mulegheiter for næringslivet, nasjonalt og internasjonalt. På leverandørkonferansen gis det gode eksempel som viser potensialet for næringsutvikling på eit område som kan bli Norges neste industrieventyr!

Konferansen arrangeres av Akershus fylkeskommune, Oslo kommune, Leverandørutviklingsprogrammet i NHO og OREEC, i samarbeid med Interreg-prosjektet Blue Move og Norsk Hydrogenforum.

Meir om programmet finn du her.

Synes du dette høyres interessant ut?
Det er gratis deltaking.  Meld deg på her!