Litt meir optimisme i Sogn og Fjordane

NHO sitt ferske økonomibarometer viser at medlemsbedriftene våre i Sogn og Fjordane har blitt meir positive dei siste to kvartala.

#205

#120 Fotograf: NHO

Publisert 27.06.17

Sogn og Fjordane

NHO-bedriftene i Sogn og Fjordane har over ein lengre periode opplevd marknadssituasjonen om lag som landsgjennomsnittet, men med store variasjonar. Perioden har vore prega av noko ustabilitet, men det siste året, sidan 2. kvartal i fjor, har bedriftene blitt meir positive. I 2. kvartal i år var bedriftene om lag like positive til marknadssituasjonen som landet totalt. 

Det siste året har likevel ikkje forventningane utvikla seg like positivt som landet elles. I 2. kvartal var Sogn og Fjordane-bedriftene såleis meir skeptiske i høve til framtidig marknadsutvikling enn resten av landet. 

Utviklinga i vareeksporten

Vareeksporten utgjer om lag 30 prosent av verdiskapinga i Sogn og Fjordane, noko som også vitnar om kor viktig EØS-avtalen er for mange bedrifter og arbeidsplassar i fylket vårt. Det var ei sterk auke i verdien av vareeksporten i fjor, og det var eksporten av fisk som i all hovudsak gjorde til denne veksten. Til no i år har også vareeksporten utvikla seg positivt, samanlikna med same periode i fjor. Og samanlagt var det vekst i alle varegrupper. 

Bustadbygginga auka sterkt i Sogn og Fjordane i fjor, og nådde eit rekordhøgt nivå. Førebels viser tala for 1. kvartal flat trendutvikling i bustadbygginga. For yrkesbygg auka igangsetjingane i fjor, men 1. kvartalstala 2017 viser førebels noko nedgang. Store årlege svingingar i tala for yrkesbygg (som er normalt på fylkesnivå) skuldast i fleire tilfelle igangsetjing av større offentlege byggeprosjekt og større prosjekt i lager og varehandel. 

Arbeidsmarknaden

Den registerbaserte sysselsettingsstatistikken (etter arbeidsstad) til Statistisk Sentralbyrå (SSB) viser at sysselsetjinga i Sogn og Fjordane auka med 0,6 prosent i 2016. Til samanlikning auka sysselsetjinga med 0,2 prosent for heile landet i same periode. Arbeidsløysa har halde seg relativt stabil gjennom lågkonjunkturen frå inngangen av 2015. 

For fjoråret viser NAV sine tal for registrerte arbeidsledige ei arbeidsløyse på 1,8 prosent i Sogn og Fjordane, noko som er langt lågare enn for landet totalt. Her var arbeidsløyserata målt ved registrerte arbeidsledige hos NAV på 3 prosent i fjor. SSB si arbeidskraftsundersøking (AKU) opererer på si side med ei rate på 4,7 prosent i 2016, målt som delen ledige av arbeidsstyrken. Her er det viktig å minne om at arbeidsdeltakinga er noko høgare i Sogn og Fjordane enn i resten av landet. I vårt fylke var sysselsetjingsrata på 66,9 prosent i 2016. Til samanlikning var sysselsetjingsrata for Norge på 65,6 prosent i same periode.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Kommunikasjonssjef

Kommunikasjon

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419