Lokale tilbod om kompetanseheving

Folkeuniversitetet kan også våren 2015 tilby ei rekke gode kurs og studietilbod lokalt i Sogn og Fjordane.

Publisert 24.11.14

Sogn og Fjordane

1. Coaching og Relasjonsleiing emne 1  - 15 STP - studiested Førde.
Eit svært populært fag, som no skal starte på nytt på Sunnfjord Hotell  den 06-07 januar 2015. Det er stor interesse for studiet, som vart fullteikna på Sandane no i haust.
Sjå vedlegg med info om tidspunkt og tema for kvar samling. Påmelding på coaching emne 1 gjer du ved å klikke her:

2. PSYK109 Motivasjonspsykologi 15 STPstudiested Florø – oppstart blir 31 januar og 1 februar 2015 på Comfort Hotell Florø. Meir info om tidspunkt og opplegg i vedlegget.
Påmelding på PSYK109 Motivasjonspsykologi gjer du ved å klikke her:

3. Offentleg Rett 15 STP – nettstudier og samlinger på Sandane.
Eit aktuelt og etterspurt jussfag der ein del av samlingane vil vere fysisk på Sandane, men dette studiet vert og streama over Internett. Ein kan då koble seg opp og følgje forelesingane via nettet. Alle forelesingane vert og lagra på It’s Learning fram til eksamen, så ein kan repetere så mykje ein vil. Sjå undervisningsplan som vedlagt PDF.  
Påmelding på Offentleg Rett 15 STP gjer du ved å klikke her:
Det vil og, hausten 2015, kome eit tilsvarande opplegg for Sunnfjordregionen. Oppstart av offentleg rett blir i Førde hausten 2015 og arbeidsrett våren 2016.

4. LOG541 – Prosjektleiing. – studiested Florø.  
Dette er det tredje av 8 fag i årsstudiet i petroleumslogistikk. Heile syklusen starta på nytt i Florø i august 2014. Det er mogleg å velje einskilde fag som t.d. prosjektleiing og det er ikkje eit krav at ein har teke nokre av dei faga som starta i fjor. Påmelding på LOG541 prosjektleiing gjer du ved å klikke her:
Det fjerde faget i denne syklusen er LOG505 Innkjøpsleiing og forhandling. Det vil starte i Florø på vårparten 2015.

5. Styre- og leiarseminar i Førde med fokus på ”beste praksis”. Eit samarbeid mellom Folkeuniversitetet og PWC.
Første samling blir fredag 13 - lørdag 14 februar og 2 samling blir fredag 13 og lørdag 14 mars 2015. Dette er eit populært kurs med relevant og viktig innhald. Same seminar har tidlegare vore på Eid og i Sogndal. Er dette av interesse for deg eller di verksemd, så ta kontakt med underteikna.

6. Meisterbrevutdanning i Førde – potensiell oppstart i februar 2015.
Aktuell utdanning for handverkarar startar på nytt i Førde til våren om det er interesse. F.o.m. hausten 2014 kan også bilfaga, institusjonskokk og kostymesyar ta mesterbrev. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

7. Dagskurs i «Universell Utforming»
Forelesar vert Gunnar Isdahl.
Svært aktuelt kurs som kan vere nyttig for alle i bygningsbransjen og kommunesektoren.

--------------------------------------------------------------------------------------

Dei studietilboda som skal i gong hausen 2015 eller seinare er enno ikkje lagt ut og har difor førebels ingen link. 

Innovasjon og entreprenørskap i Måløy – det vert - i samarbeid med Høgskulen i Nord-Trøndelag, jobba med å lage eit opplegg på totalt 30 STP i Måløy med oppstart hausten 2015.
Faga ser ut til å bli som følger: Innovasjon og entreprenørskap 15STP og Organisasjon, ledelse og entreprenørskap 15 STP. Meir informasjon vil bli klart utover våren. Ta kontakt om du ønskjer å vite meir.

LOG505 Innkjøpsleiing og forhandling. Dette er det fjerde faget i årsstudiet i petroleumslogistikk og vil starte i Florø på vårparten 2015.

Arbeids og organisasjonspsykologi
– dette populære studiet tenkjer vi å setje i gong att i Nordfjord mest truleg våren 2016. Faget vil bli etterfulgt av personalpsykologi 15 STP og motivasjonspsykologi 15 STP – slik at ein totalt kan ta 60 STP samanhengande over 2 år.

Ein kan melde seg på alle kursa eller få meir informasjon ved å gå til www.folkeuniversitetet.no. Du finn enklast fram ved å søke på namnet på faget eller det aktuelle studiestedet.

Kontakt: Reidar Brandsberg
reidar.brandsberg@folkeuniversitetet.no
Tel +47 57 74 47 00