Lokale tilbod om kurs og høgskulestudier

Folkeuniversitetet kan hausten 2015 tilby ei rekke gode kurs og studietilbod lokalt i Sogn og Fjordane

Publisert 12.06.15

Sogn og Fjordane

Treng du meir informasjon? Ta kontakt med Folkeuniversitetet Vestlandet ved Reidar Brandsberg på tlf. 57 74 47 00 eller Daniel Hundershagen på tlf. 52 70 43 27.

Nedanfor finn du kort informasjon om dei enkelte tilboda:

Folkeuniversitetet kan hausten 2015 tilby ei rekke gode kurs og studietilbod lokalt i Sogn og Fjordane.

Coaching og Relasjonsleiing emne 1  - 15 STP - studiested Førde - oppstart 27 august.
Eit svært populært fag, som no skal starte på nytt i Førde i august. Det er allereie god påmelding og interesse for studiet.
I denne nettartikkelen frå Firda Tidend, kan du lese meir om sist coachingstudiet vart starta opp. Det var på Sandane i fjor haust med heile 29 deltakarar:
Les artikkel i Firda Tidend - Gode og motiverte leiarar er gull verdt.

Klikk her for vedlegg med info om tidspunkt og tema for kvar samling. Påmelding på coaching emne 1 gjer du ved å klikke her.


ØKO142 organisasjon, leiing og entreprenørskap – studiested Måløy
oppstart 27 august.
Studiet omhandlar og set fokus på både organisasjonar sitt indre liv og tilhøvet til omgjevnadene. Hovudområdet entreprenørskap utdjupar kor viktig det er å ha organisasjonar som arena for verdiskaping. Studiet vert igongsett i samarbeid med Høgskulen i Nord-Trøndelag http://www.hint.no
 Klikk her for vedlegg med meir informasjon.
Påmelding på ØKO142 organisasjon, leiing og entreprenørskap gjer du ved å klikke her.

Meisterbrevutdanning i Førde – oppstart 5 september.
Aktuell utdanning for handverkarar startar på nytt i Førde i haust. F.o.m. hausten 2014 kan også bilfaga, institusjonskokk og kostymesyar ta mesterbrev.
Ta kontakt med Folkeuniversitetet for meir informasjon. Påmelding på meisterbrev gjer du ved å klikke her.


PET300 – HMS og kvalitetsleiing – studiested Florø - oppstart 27 august.
Dette er det 5 av 8 fag i årsstudiet i petroleumslogistikk. Det er fullt mogleg å velje einskilde fag som t.d. PET300, sjølv om du ikkje har teke dei andre faga i syklusen før.
Påmelding på PET300 gjer du ved å klikke her.


Filosofi og leiing – modul 3 – Velferdsfilosofi og leiing - studiested Balestrand - oppstart 25 august.
Folkeuniversitetet held fram denne populære leiarutdanninga med modul 3. Studiet vil gå på Kviknes Hotel i Balestrand med oppstart i september
Påmelding på modul 3 – velferdsstaten - gjer du ved å klikke her.


Arbeidsrett 15 STP – samlingar i Svelgen og Nordfjordeid – oppstart fredag den 4. september

Eit aktuelt og etterspurt jussfag der det meste av samlingane vil vere i kommunestyresalen i Svelgen og på Nordfjordeid. Oppstart den 21 august.  Dette studiet vert og streama, slik at ein kan koble seg opp og følgje forelesingane via Internett. Alle forelesingane vert og lagra på nettet.
Les meir om arbeidsrett 15STP her.
Påmelding til arbeidsrett gjer du ved å klikke her.


Offentleg rett 15 STP – samlingar i Førde i Langebruvegen 2 - oppstart fredag den 4. september
Oppstart av offentleg rett blir i Førde hausten 2015. Studiet Arbeidsrett 15 STP kjem i Førde våren 2016.
Dette studiet vert og streama, slik at ein kan koble seg opp og følgje forelesingane via Internett. Alle forelesingane vert og lagra på nettet.
Les meir om offentleg rett 15STP her.
Påmelding på Offentleg Rett i Førde gjer du ved å klikke her.

I tillegg til desse kursa, finn du og mange andre tilbod på  www.folkeuniversitetet.noFolkesuniversitetet kan tilby eit breitt utval av både språk og hobbykurs. Alt dette og endå meir finn du om du går inn og søkjer på nettsidene våre. Bruk faget du leiter etter som søkjekriterie eller søk på stadnamn som t.d. Førde, Flora, Eid eller Sogndal.

Folkeuniversitetet har allereie begynt å få på plass mange interessante studietilbod frå vinteren 2016, og meir er på veg. Foreløpig står desse tilboda på planen:

  • Strategi- og leiarseminar i Førde med fokus på ”beste praksis” vinteren
    2016.
  • Coaching emne 3 – coaching i lærande organisasjonar 30 STP
  • Arbeids og organisasjonspsykologi

Meir informasjon om dette finn du på www.folkeuniversitetet.no.