Lokale tilbod på studier og kurs

Folkeuniversitetet kan i 2016 tilby ei rekke gode kurs og studietilbod lokalt i Sogn og Fjordane. Her kan du lese meir om tilboda.

Publisert 04.04.16

Sogn og Fjordane

Coaching og Relasjonsleiing emne 1  - 15 STP - studiested Florø - oppstart i Florø 25-26 august og på Eid 01-02 september. Eit svært populært fag, som no skal starte på nytt både i Florø og på Eid. Det er stor interesse for studiet og gode høve til å byggje vidare. Emne 2 – teamcoaching på 15 STP vil starte i januar 2017 og emne 3 – 30 STP vil starte hausten 2017.
I denne nettartikkelen frå Firda Tidend, kan du lese meir om sist då coachingstudiet vart starta opp på Sandane med 29 deltakarar. Sist studiet gjekk i Florø var det 30 stk med.

Les meir om kursa ved å klikke på lenkene under:
Påmelding på coaching emne 1 i Florø gjer du ved å klikke her: og
Påmelding på coaching emne 1 på Eid gjer du ved å klikke her:
Arbeids og organisasjonspsykologi – 30 STP i FørdeDette populære studiet vil bli sett i gong på nytt i Førde hausten 2016. Faget vil bli etterfulgt av personalpsykologi 15 STP – oppstart i Førde hausten 2017 og motivasjonspsykologi 15 STP – oppstart i Førde våren 2018. Ein kan totalt kan ta 60 STP samanhengande over 2 år. 
Påmelding på studiet gjer ein ved å klikke her:
27 mai 2016 - Fagdag om endringsleiing på Quality Hotel Florø. Tema: Leiing av endring: Det er mykje fokus på endring og omstilling i dag. Folkeuniversitetet ønskjer difor å invitere næringsliv og det offentlege til ein inspirerande og aktuell fagdag i Florø der temaet er "leiing av endring". Denne fagdagen vil vere på Quality Hotel Florø og tek sikte på å gje deg kunnskap om korleis ein best mogleg skal leie ei verksemd i slike tider.
Det er tidlegare direktør ved NHH, Ole Hope som blir forelesar. Han har lang røynsle med endring og omstilling og arbeider i dag som adm. dir i Business Region Bergen. www.regionbergen.no. Prisen på arrangementet er kr. 1950,- inkl. lunsj. Ein kan melde seg på fagdagen via denne linken til Folkesuniversitetet sine nettsider.
Filosofi og leiing – modul 4 – Filosofi, leiing og sjølvoppfatning- studiested Kviknes Hotell Balestrand.Vi held fram den 4 og siste modulen av denne populære leiarutdanninga. Studiet vil gå på Kviknes Hotel i Balestrand med oppstart i september.
I tillegg til desse kursa, finn du og mange andre tilbod på  http://www.folkeuniversitetet.no.Vi kan tilby eit breitt utval av både språk og hobbykurs. Alt dette og endå meir finn du om du går inn og søkjer på nettsidene våre. Bruk faget du leiter etter som søkjekriterie eller søk på stadnamn som t.d. Førde, Flora, Eid eller Sogndal.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------
Under står nokre av studietilboda som kjem vinteren 2017. Meir er på veg.
Strategi- og leiarseminar i Førde med fokus på ”beste praksis” vinteren 2017 i Førde. Seminaret er eit samarbeid mellom Folkeuniversitetet, Sparebanken Sogn og Fjordane, PWC, SNU og Fram Flora. 1 samling blir i februar og 2 samling blir i mars 2017. Datoar er enno ikkje fastsett. Studiested Åmot Operagard (fredagane) og Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale (laurdagane). Vi anbefaler næringsdrivande og styremedlemmer å bli med på dette populære seminaret, som tek føre seg relevant og viktig innhald for næringslivet. Same seminar har tidlegare vore sett opp både i Førde, på Eid og i Sogndal. Vil du vere med så ta gjerne kontakt med underteikna.
Coaching emne 3 – coaching i lærande organisasjonar 30 STP Dette studiet krev at ein tidlegare har teke coaching og relasjonsleiing emne 1 og 2 eller tilsvarande. Studiet vil vere i samarbeid med www.hioa.no. Ønskjer du meir informasjon, så ta gjerne kontakt med underteikna.
Påmelding på coaching emne 3 gjer du ved å klikke her:
Treng du meir informasjon?
Ta kontakt med Reidar Brandsberg, salgssjef Folkeuniversitetet Vestlandet.
Tel +47 57 74 47 00 
Mob +47 47 65 69 06 eller reidar.brandsberg@folkeuniversitetet.no.