Målretta opplæring

NHO Sogn og Fjordane meiner at ein må satse på skreddarsydde opplæringsopplegg der målgruppa er innvandrarar eller menneske som av ulike årsaker har vore lenge utanfor arbeidslivet.

Publisert 30.07.15

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Utgangspunktet for eit slikt opplegg må vere næringslivets behov og ein må ta utgangspunkt i bransjar som har rekrutteringsbehov. Bransjar som spesielt peikar seg ut og som er aktuelle for Sogn og Fjordane er transport, bygg, elektro og omsorg. Meir om behovet for rekruttering i fylket kan ein lese om i rapporten KUR (Kompetansebygging, utvikling og rekruttering).

I lokalavisene i Sunnfjord har vi dei siste dagane lese om ei vellukka satsing på helsefagutdanning i Florø, og ein har på framsida av Firda sett eit skjeldant syn, ein ung bussjåfør. I begge desse yrkesgruppene er behovet for rekruttering prekært i åra som kjem.

Vi meiner at NAV må skreddarsy slik opplæring mot spesifikke bransjar. Saman med andre viktige aktørar som Innvandrarsenteret, Opplæringskontora, IMDI, kommune og bedriftene må dei spele på det viktige navet dei skal vere og bli motor for slike satsingar. Sjølv om slike skreddarsydde opplegg kan vere dyrare enn dei meir ordinære kollektive tiltaka må ein gjere det som mest truleg fører personen inn i arbeidslivet. Alternativkostnaden, altså å bli verande hos NAV, kostar uansett mykje meir.

Førearbeidet blir viktig i slike satsingar; ei god kartlegging av kandidaten, ein prøvefase der personen kan teste ut t.d. bussjåføryrket, for eksempel no i sommarmånadene, å vere med som sidemann på ei bussrute. God førebuing vil auke sjansane for å lykkast med gjennomføringa.

NHO si satsing Ringar i Vatnet har hatt stor suksess, mykje grunna metodikken som handlar om å ha god marknadsdialog og gjere eit godt førebuingsarbeid. Ringar i Vatnet handlar om å få folk tilbake til arbeidslivet. Bedriftene peiker på at samarbeidet med NAV fungerer best når NAV-konsulenten kjenner godt til bedrifta og veit kva kompetanse den har behov for. Det er positivt at NAV no organiserer seg i marknadsteam for dei ulike regionane. NHO Sogn og Fjordane håpar at vi vil sjå fleire målretta opplæringsopplegg som den vi m.a. har sett i Florø på helsesida, også mot andre bransjar ein veit har eit rekrutteringsbehov.

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860