Pengedagen 5.april

Pengedagen er dessverre avlyst grunna låg påmelding.

Publisert 30.03.16

Sogn og Fjordane

Den store pengedagen 5. april gir deg mulegheit til å møte nokon av dei som kan gi deg gode råd og muleg finansiering.

NHO Sogn og Fjordane i samarbeid med Innovasjon Norge og Forskingsrådet inviterer deg til den første Pengedagen i fylket.

Meir om programmet finn du her.

Det finst ein jungel av ulike ordningar som kan vere til nytte for deg som har ein ide eller som vil utvikle bedrifta di. Det er fleire "gode hjelparar" og dei har også pengar. Men det er ikkje så lett å halde oversikt eller å vite korleis ein kjem i kontakt med alle desse. På Den store pengedagen kan du ha korte møter med fleire aktørar som kan bidra til at du får realisert ideen din eller får fart på bedriftsutviklinga.

Pengedagen blir den store dagen for speed-møter, mingling og nettverksbygging. I tillegg vil du kunne høyre korleis Arild Bødal frå Norva24 har rigga bedrifta for vekst. Her kan du sikkert plukke opp nyttige tips frå ei av fylket sine suksessbedrifter.

Det er framleis store mulegheiter for norske bedrifter til å ta ein del av kaken når det gjelder EU-midlar. Difor blir det eit ekstra fokus på Horisont 2020, då dette nok framleis er litt ukjent for bedriftene.

Målgruppa for dagen er etablerte bedrifter med utviklingslyst og idear, nyetablerarar med vekselyst og tankar om utvikling og gründerar med ein god ide.

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860