Massivt industrielt løft for grøn framtid

Prosessindustrien har klart å kutte klimautsleppa med heile 40 prosent sidan 1990, samstundes som den har auka produksjonen med 37 prosent.

Elkem Bremanger. Fotograf: Jan Atle Stang

#205

Publisert 04.07.16

Sogn og Fjordane

Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Framover vil det bli meir krevjande å kutte utsleppa, og det vil krevje omfattande teknologiutvikling dersom klimautsleppa skal kuttast ytterlegare medan produksjonen held fram med å vekse i stor skala. Norsk Industri har no "teikna" eit vegkart for eit massivt industrielt løft for ei grøn framtid, og vegkartet viser korleis dette er muleg.

FN sitt klimatoppmøte i Paris vedtok ambisiøse mål om å halde den globale temperaturauken til godt under to grader.  No skal det regjeringsoppnemnde Ekspertutvalet for grøn konkurransekraft utarbeide ein strategi der næringslivet kan konkurrere globalt samstundes som klimapolitikken blir lagt om. Utvalet har utfordra Norsk Industri, som er prosessindustrien sin bransjeorganisasjon, til å utarbeide eit "vegkart". Resultatet føreligg no i form av eit grundig gjennomarbeidd vegkart. (Sjå heile dokumentet her). Vegkartet skildrar vegen fram til ein ambisiøs visjon om betydeleg auka verdiskaping i prosessindustrien og nullutslepp i 2050.

For å klare dette treng vi ein politisk vilje til eit massivt industrielt løft i Norge. Prosessindustrien stiller allereie med ei rekkje sterke kort som m.a. tilgang til fornybar kraft, verdsleiande kompetanse og stor innovasjonsvilje. Dette er det solide fundamentet til norsk prosessindustri i dag, og som har gjort til at den har levert gode resultat innan miljø, klima, teknologiutvikling og innovasjon i ei årrekkje. Men den internasjonale konkurransen er tøff og blir stadig skjerpa. Utan nye tiltak, kan det føre til nedbygging av norsk prosessindustri, med auka utslepp i andre land som resultat. Difor treng vi styresmaktene si støtte også i framtida, slik at vi kan halde fram med å dra i same retning – i retning auka verdiskaping og lågare utslepp.

Prosessindustribedriftene er lokaliserte over heile landet og dei fleste er svært viktige hjørnesteinsbedrifter i lokalsamfunna. I Svelgen produserer Elkem Bremanger Silgrain (eSi) som er viktig for utviklinga av bl.a. batteriteknologi, i Årdal og Høyanger produserer Hydro verdas grønaste aluminium, som bl.a. gjer køyretøy lettare, forbruket av drivstoff lågare og dermed utsleppa mindre. I tillegg har vi NorSun i Årdal som produserer viktige deler til solcelleproduksjonen i verda. Om få år vil også Nordic Mining vere ein viktig del av det prosessindustrielle miljøet i Sogn og Fjordane, med uttak av mineral som er viktig for å nå klimamåla våre. Felles for alle desse er at dei er avhengige av styresmaktene sine tiltak for å oppnå dei store miljø-/klimamål som vegkartet legg opp til. Vi snakkar her om m.a. forsking og utvikling, pilotering, klimateknologifondet og miljøteknologiordninga, lover og regelverk, samt tilgang på kapital.

Industrien er kompetansedriven og har møtt vedvarande og aukande global konkurranse med kontinuerleg effektivisering. Dette har ført til at norsk prosessindustri, saman med fleire forskingsmiljø og utdanningsinstitusjonar representerer betydeleg kompetanse. Denne kompetansen vil vere eit heilt avgjerande fundament for utviklinga framover.

I låutsleppssamfunnet vil det vere auka etterspurnad etter produkt med lite karbonavtrykk. Det same gjeld produkt som ved bruk bidreg til lågare forbruk av energi, produkt som inngår i installasjonar for produksjon og lagring av energi og produkt basert på fornybare råvarer. Norsk prosessindustri er svært godt posisjonert i dag og har alle føresetnader for å styrke posisjonen sin ytterlegare i lågutsleppsamfunnet.

Med styresmaktene på lag kan industrien halde fram arbeidet sitt mot lågutsleppsamfunnet. Då vil vi kunne satse endå meir på ny teknologi og tiltak som auka bruk av biomasse, CCS, hydrogen, biogass og andre framtidige teknologiar.

Vegkartet er eit viktig verktøy for at norsk prosessindustri og styresmaktene går i same retning. Gjer vi det, tar Norge også eit viktig steg i retning av å auke verdiskapinga og redusere eige karbonavtrykk ytterlegare.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419