Miljøbyggkonferansen 2015

Er det offentlege og næringslivet klare for det grøne skifte? Bli med til Eid den 12. november og møt eit breitt og kompetent utval aktørar med kompetanse innan miljøbygg, smarthus/ velferdsteknologi og energieffektivisering.

Publisert 01.10.15

Sogn og Fjordane

Velkomen til Miljøbyggkonferansen 2015

Korleis kan næringsliv og det offentlege vere pådrivarar til at vi når målsetjinga om meir miljøvennlege og meir energieffektive bygg for framtida? Dette temaet står på agendaen på Miljøbyggkonferansen 2015 som går av stabelen på Operahuset på Eid den 12. november.

Målgruppe er offentleg sektor, bedrifter i byggebransjen (m.a. frå leverandørindistri og utførande og arkitektar/rådgivarar), teknologibedrifter og andre som ønskjer å lære meir om og diskutere korleis ta posisjon innan framtidsretta miljø- og energibygg.

Sett av plass til denne viktige konferansen og meld dykk på no!

INFORMASJON OG PÅMELDING FINN DE HER! 

Ønskjer du presentere bedrifta di på konferansen?  Bestill bedriftsstand.

Hugs også å like Miljøbyggkonferansen 2015 på Facebook. Her vil du få smakebitar av aktuelle og spanande samarbeid, fram mot konferansen. T.d.: Massiv tre som miljøløysing i bygg? Eller kva med 'Gründer vinn storkontrakt med Ulsteinvik om fjernvarmeanlegg'. Lik Facebooksida og sida og sjå!