Mineral er viktig for å nå klimamål

Auka mineralutvinning er naudsynt for klima og bra for verdiskapinga. Norge og Sogn og Fjordane sit på store mineralressursar, og desse må sjølvsagt nyttast for at vi skal nå klimamåla.

#205

ILLUSTRASJON: Kartet viser mineralressursane i Norge, både dei prosjekta som er i drift og dei som kan komme i drift i framtida. Kartet inneheld ikkje oversikt over ressursar knytt til grus- og pukk. (Ill. NGU)

Publisert 15.12.16

Sogn og Fjordane

Det kan verke paradoksalt – men overgangen til ei grønare og meir klimavenleg verd tek oss bokstaveleg tala inn i ein ny steinalder. Så godt som alt vi omgir oss med inneheld metall og mineral. Mykje kan resirkulerast, men folketalsvekst og velstandsutvikling medfører at vi framleis må hente mesteparten av råstoffa våre frå berg og lausmassar.

Klikk her for å sjå ein større versjon av kartet som viser mineralressursane i Norge.

Klikk her for å lese heile rapporten frå NGU: Mineraler for det grønne skiftet

Det grøne skiftet føreset ein nærast mangedobla vekst i bruk av mange mineral. Solceller, vindmøller, elbilar, smarttelefonar, batteri og straumkablar - alt krev mineral. Ei moderne solcelle inneheld mineral frå 16 ulike gruver. For å bygge ei vindmølle krevst det store mengder aluminium, kobolt, kopar, jern og spesialmetall. Ein el-bil inneheld t.d. tre gonger så mykje kopar som ein vanleg bensinbil. Og overgang frå kolkraft til solkraft aukar bruken av kopar frå to til fem kilo per kilowatt.

Norge har førekomstar av grøne mineral som titan, kopar, jern, grafitt, olivin, fosfat og høgrein kvarts. Vi har også førekomstar av sjeldne jordartsmetall (REE) som det er mangel på i verda. Norsk mineralnæring er dessutan fremst i verda både på miljømessige fotavtrykk og helse-, miljø og tryggleik. Vi nyttar fornybar energi i produksjonen til skilnad frå dei fleste andre land i verda. Mangfald av ressursar og tilgang på fornybar energi er norsk mineralindustri sin viktigaste naturgjevne fordel.

NGU har i samband med NHO sin årskonferanse som går av stabelen 5. januar rekna ut at kjende og undersøkte metallressursar i Norge har ein verdi på kring 1400 milliardar kroner. I tillegg kjem industrimineral, pukk og grus, kol og naturstein, som er kalkulert til kring 1100 milliardar kroner. Totalt utgjer dette mineralressursar for 2500 milliardar kroner. Sjølv om tala er basert på anslag og er avhengig av marknadsutvikling, gjev dei eit visst bilde av verdiskapingsmulegheitene i eit 100-års perspektiv. For ein råstoffverdi på 2500 milliardar vil tilseie ein bearbeidingsverdi kring 8000 milliardar kroner.

Les også - Norsk stein verdt 8000 milliarder kroner.

NHO meiner Norge bør kartlegge og utvinne meir av mineralressursane våre. Mineral er naudsynt for det grøne skiftet, og dessutan bra for norsk verdiskaping og arbeidsplassar. Mineralressursane i heile Norge må difor kartleggast med dei beste data. Styresmaktene må styrke forvaltningsorgana og få fortgang i sakshandsaminga av mineralprosjekt. NHO Sogn og Fjordane forventar dessutan ei positiv innstilling til verdiskapingspotensialet i mineralnæringa. I konkrete prosjekt må det gjerast ei heilskapleg samfunnsmessig avveging mellom lokale miljøkonsekvensar, marknad, verdiskaping og arbeidsplassar. Nokre stader, slik som t.d. ved Engebø i Naustdal, må vi gå for deponering av overskotsmassar i sjøen fordi det er vurdert som den miljømessig beste og tryggaste løysinga. Landdeponi representerer stor risiko m.a. både for masseutsig og forureining av grunnvatnet.

Minerala som trengs til det grøne skiftet er ujamt fordelt, og kontrollert av nasjonale og private monopol. Storparten av verdas mineralutvinning føregår i Afrika, Asia og Sør-Amerika – under heilt andre tilhøve enn vi er vande med i Norge. Europa produserer i dag berre to-tre prosent av verdas mineral, men vi brukar 20 prosent av dei. Her ligg det mulegheiter for Norge, som har betydelege mineralressursar som kan bidra til Europa sin ressurstilgang og utvikling av grøn teknologi.

Visste du forresten at ein mobiltelefon inneheld opptil 40 ulike metall, at alle verdas mobiltelefonar inneheld superrein kvarts frå Elkems gruve i Tana, at Kina har produksjonsmonopol på mange sjeldne jordartsmetall som trengst i batteri, motorar vindturbinar, skjermar og LED-lys, og utnyttar monopolet til politiske føremål? Ja, visste du at Norge har svært store førekomstar av sjeldne jordartsmetall, at grafitt har unike eigenskapar som er viktig for det grøne skiftet – m.a. til produksjon av litium-ion-batteri. Skaland grafittgruve på Senja er den viktigaste produsenten av høgkvalitet naturleg grafitt i Europa. Visste du at Titan, som skal hentast frå Engebøfjellet, er sterkare enn stål, men 42 prosent lettare og blir difor brukt i flyskrog. Titan blir dessutan godt tolerert av menneskekroppen, og blir difor brukt i t.d. medisinske implantat. Visste du at Titanoksid er eit ikkje-giftig pigment som t.d. gjer maling og matvarer kvite. Pigmentet finn du bl.a. i softis, solkrem og tannkrem. Norge har svært store førekomstar av titan, ikkje minst i Sunnfjord.

Så kva ventar vi på? Vi sit på store og viktige mineralressursar også her i fylket, som ein er avhengig av å ta ut for at vi skal kunne nå klimamåla vi har sett oss. Dette og mykje anna kring klimaspørsmål blir tema under NHOs Årskonferanse i Oslo Spektrum den 5. januar 2017.

Av Jan Atle Stang, regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Kommunikasjonssjef

Kommunikasjon (Desken, Event og internkommunikasjon)

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419