Møter 60 bedrifter på 5 dagar

I løpet av fem dagar skal NHO Sogn og Fjordane besøke heile seksti bedrifter. Ved å kome enda tettare på kvardagen til bedriftene er målet å få verdifull kunnskap om utfordringar og behovet til næringslivet i regionen.

Publisert 20.04.16

Sogn og Fjordane

Med eit næringsliv i omstilling er det viktigare enn nokon gang at norsk politikk legg til rette for verdiskaping i Norge.

Kva er det aller viktigaste for Sogn og Fjordanes bedrifter no, for at dei skal kunne drive lønsamt, skape arbeidsplassar og bidra til fortsatt velferd i Norge?

NHO er jamnleg i dialog med mange medlemsverksemder, men for å få enda betre forståing av utfordringane i regionen legger NHO Sogn og Fjordane no ut på ei fem dagar lang speed-dating med bedrifter i regionen. Turen startar i Flåm, går gjennom Sogndal og avsluttast i Selje og Måløy.

- Målet er å treffe bedriftsleiaren, tilsette og lærlingar i ulike settingar, enten det er i frisørstolen, på ein traktor, på kjøkkenet eller på eit kontor. Vi skal knytte kontaktar og få innspel. Eg skal først og fremst lytte, men også fortelje kva vi jobbar med, seier regiondirektør Jan Atle Stang.

Saman med sine tilsette skal han blant anna besøke, Norsun AS, Frisør Stova AS og Tine Meieriet avd. Byrkjelo. Agendaen er open og styrast i stor grad av bedriftene som besøkast. Men relevante temaer kan vere rekruttering, kompetanse, samferdsle, arbeidsmiljølov og pensjonsalder.

Turneene føregår over heile landet, og i løpet av tre veker vil NHOs regionskontorer til saman besøke 1 500 verksemder.

Ønskjer du å vere med på nokre av besøka? Ta kontakt med NHO Sogn og Fjordane for meir informasjon og detaljert reiserute.

Når:
20. – 22.april – Region Sogn
25. – 27.aril – Region Nordfjord

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419
Heidi Skorpen

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

heidi.skorpen@nho.no
Telefon
97103276