Næringsbarometer 05. juni

Ta turen til Hyen og Brødrene Aa 5. juni og få med deg lanseringa av det nye næringsbarometeret.

Publisert 09.05.14

Sogn og Fjordane

Du vert då oppdatert om korleis det går i næringslivet vårt, og kva forventningar næringslivet har til vekst og utvikling. Vi set også søkelyset på samfunnsansvar og korleis vi best kan innlemme flyktningar i arbeids- og samfunnslivet vårt.

Presentasjonen av næringsbarometeret startar kl. 12.00, og vert avslutta med ei omvising hjå den spanande bedrifta Brødrene Aa for dei som ynskjer det.

Påmelding kjem seinare.