Innovasjon i offentleg og privat sektor

Næringsdagane engasjerte

Konferansane til NHO Sogn og Fjordane, IT-forum, Næringsbarometeret og Høgskulen/Sparebanken Vest vart i år slått saman under namnet "Næringsdagane". Over 250 frammøtte let seg engasjere av eit variert 2 dagars program under temaet "Innovasjon i offentleg og privat sektor".

Statssekretær Bård Hoksrud holdt føredrag under "Næringsdagane 2015" ved Sunnfjord Hotel i Førde.

Publisert 22.05.15

Sogn og Fjordane

Det var første året at dei fire konferansane vart samla, når "Næringsdagane" gikk av stabelen 20. og 21. mai på Sunnfjord Hotel i Førde. Næringsbarometeret opna konferansen med mellom anna Idar Kreutzer og Victor Norman på programmet. Her blei vi også betre kjent med tre inspirerande og hardt satsande bedriftene; Highsoft, Melin Medical og ReNorway.

Effektive bu- og arbeidsregionar
20. mai etter lunsj var det NHO Sogn og Fjordane sin del av konferansen som stod på programmet. Temaet var det same som på Årskonferansen til NHO i januar; Effektive bu og arbeidsregionar, og med tittelen #7millioner. Regiondirektør i NHO Vestfold Kristin Saga leda programmet på ein utmerka måte, og introduserte fleire av foredragshaldarane med sine "fortryllande" stev.  Hans Petter Brubakk, direktør for næringspolitikk i NHO, presenterte NHO sitt syn på korleis Norge må byggast for å handtere framtidas utfordringar, mellom anna i lys av at vi i 2050 kan bli 7 millionar menneske i landet.

Med foredraget "ny kvardag krev nye kommunar" snakka professor Jørn Rattsø, mellom anna kjent for å ha leda produktivitetskommisjonen, om den mykje omtalte kommunereforma og kvifor denne er naudsynt. Statssekretær Bård Hoksrud presentere regjeringa si satsing på samferdsle i åra som kjem, og kva dette vil bety for fylket.  Distriktssjef i Avinor, Anette Elstad, presenterte dei rykande ferske nyheitene om at ingen flyplassar i fylket vert lagt ned i denne omgang, til stor begeistring i salen. Dagen vart avslutta med eit humoristisk og friskt føredrag av "Dårlig leder" i motarbeider.no, Halvor Haukerud.

Her kan du finne foredraga til
Petter Haas Brubakk – Framtida blir bygd no
Jørn Rattsø – Ny kvardag krev nye kommunar
Bård Hoksrud – Utan veg blir det berre meg og deg *
Anette Elstad – Status i arbeidet om NTP – flyplasstruktur
*Vert tilgjengeleg når vi får samtykke frå foredragsholdar.

Dag to av konferansen tok mellom anna for seg tema Big Data og velferdsteknologi, då IT-forum hadde ansvaret for første del. Blant bedriftene som presenterte var både Beat.no og Rocketfarm frå fylket.

Næringsdagane vart avslutta med næringskonferansen til Høgskulen og Sparebanken Vest.
Torbjørn Aarethun snakka om øk adm utdanninga si regionale betyding. Truls Berg sitt foredrag hadde boktittelen "Halvveis til fremtiden", mens Frank Aarebrot beit frå seg i kjend stil med "Sogn og Fjordane ut av bakevja?".

Her kan du sjå heile programmet for "Næringsdagane 2015".