Næringsfiendtleg av Nei til EU

Nei til EU – til EØS og internasjonalt samarbeid – sluttar aldri å overraske. Nok ein gong prøver dei å få folk til å tru at ein førti år gammal frihandelsavtale kan erstatte dagens EØS-avtale.

#205

EU-parlamentet Fotograf: iStockPhoto

Publisert 23.05.17

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Nei til EU – til EØS og internasjonalt samarbeid – sluttar aldri å overraske. Nok ein gong prøver dei å få folk til å tru at ein førti år gammal frihandelsavtale kan erstatte dagens EØS-avtale.

Det undrar oss at Erlend Haugen Herstad, senterpartist og leiar i Sogn og Fjordane Nei til EU, i eit innlegg i Firda 9. mai let til å tru at handelen med EU ikkje vil bli påverka om vi seier opp, eller reforhandlar, EØS-avtalen, og tilhøyrande avtaler. Minner om at ei såkalla reforhandling betyr at vi først vil måtte seie opp avtalen, med den risiko det medfører for norsk eksportnæring. For vi vil aldri få ein så gullkanta avtale tilbake; få tilbake ein så god tilgang til vår viktigaste marknad, EU, etter ei reforhandling. Dette vil i så fall få enormt negative konsekvensar for norske eksportnæringar; for havbruk-, teknologi-, energi- og reiselivsektoren, for å nemne nokre få områder. 

Men det er også fleire grunnar til at EØS-avtalen er så viktig. Den representerer nemleg så mykje meir enn ein frihandelsavtale. Den gir mellom anna ein enklare kvardag og dermed reduserte kostnader for bedriftene, noko som er viktig for oppretthalding av arbeidsplassar og skatteinngangen til fellesskapen. Ikkje minst er dette viktig for distrikta, der mesteparten av eksportnæringane har aktiviteten sin. 

Minner også om at EØS-avtalen sikrar eit felles regelverk, og at godkjenningar og standardar gir norske bedrifter like mulegheiter og rettigheiter i heile EU-området. Avtalen gir høve til å konkurrere om offentlege innkjøp på like vilkår – EØS stoppar dermed diskriminering av norske bedrifter, i ein gigantisk marknad som er hundre gonger større enn den norske.  

Og ikkje nok med det: Avtalen gir skule- og studiemulegheiter, samt tilgang til EU-landa sine forskingsressursar og framifrå forskingsmiljø. Forbrukarar og bedrifter får billigare teletenester og gjennom Schengen får vi passfridom. Veterinæravtalen syter for at norsk fisk slepp kontroll av papir over kvar einaste landegrense – noko som er veldig sentralt, fordi få har det så travelt som en daud laks. 

EØS-avtalen gjer at norske og europeiske arbeidstakarar kan søkje jobb i eit anna EU/EØS-land utan hindringar. Dette har tent norske verksemder, gitt nye arbeidsplassar og dermed vore til forteneste for det norske velferdssamfunnet. For mange bedrifter har tilgang på europeisk arbeidskraft vore avgjerande for å halde oppe eit høgt aktivitetsnivå. Dette for å nemne noko.

Vi sluttar aldri å undre oss over at Nei til EU ikkje vil lytte til kva bedriftene, som har EU som sin viktigaste marknad, ønsker. Ikkje minst blir dette rart, og trist, når NHO sitt økonomibarometer viser at nær ni av ti eksportbedrifter på Sør- og Vestlandet meiner at EØS-avtalen er viktig for deira verksemd. 

Vi sluttar aldri å undre oss over at Nei til EU ikkje ønskjer at norske, lokale bedrifter ute i distrikta skal lukkast på den europeiske marknaden. Når Paneda DAB AS i Selje, som er på spranget til å ta DAB-teknologien ut i Europa, gir klart uttrykk for at dei er avhengige av forutsigbarheit, like konkurransevilkår, felles reglar og å unngå handelshindringar, blir dette berre feia under teppet av prinsippryttarane i Nei til EU og ein del andre organisasjonar. EØS-avtalen sikrar nemleg slik tilgang, men det vil ikkje Nei til EU gje dei.

Det sluttar heller aldri å forundre oss at det går an å sjå på Brexit som ei god løysing for norsk eksportnæring. Sjølv Storbritannia, som har ein veldig mykje sterkare forhandlingsposisjon enn Norge, vil ikkje kunne plukke dei kirsebæra dei måtte ønskje i den indre marknaden, som vi har tilgang til i dag.

Det bedriftene uansett kjem attende til, er behovet for stabilitet og forutsigbarheit. Det undrar oss difor at Nei til EU og ein del andre grupperingar ønsker å rykke dette vekk under bedriftene sine føter. Ikkje minst for Distrikts-Norge vil dette vere dramatisk.

Av Jan Atle Stang, regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane

(Eit svar på Erlend Haugen Herstad, leiar i Sogn og Fjordane Nei til EU, sitt innlegg i Firda 9.mai).