Næringskonferansane blir samla!

Konferansane til NHO, IT-forum, næringskonferansen til Høgskulen/Sparebanken Vest og Næringsbarometeret blir no slått saman under namnet Næringsdagane 2015.

Publisert 16.09.14

Sogn og Fjordane

Første arrangement går av stabelen i Førde 20. og 21. mai 2015. Ambisjonen er å skape ein slagkraftig konferanse der dei som ynskjer det kan velje deler av programmet. Det blir eit prøveår for å samle erfaring.

Vi har sett lenge at mange konferansar i Sogn og Fjordane gir ein viss «slitasje», sidan mange har nasjonale arrangement dei også ynskjer å følgje, seier Jan Atle Stang i NHO Sogn og Fjordane. Dei har sjølve arrangert NHO-konferansen kvar vår, og tek opp same tema som vert omhandla under den sentrale konferansen i januar.

Næringsbarometera som kjem i januar og mai skal gje faktagrunnlaget for å tenkje framover, seier Frode Henden i NAV.

Også Høgskulen har tru på eit slikt samla konsept, seier instituttleiar ved institutt for økonomi og administrasjon, Leif Longvanes. Vi vonar vi kan bringe forsking og utdanning tettare inn på næringslivet, held han fram.

IT-forum sine aktivitetar høyrer saman med næringsliv og offentleg sektor, så ei samanslåing passar oss godt, seier leiar for IT-forum  Jan Heggheim

Eit arbeidsutval som er peika ut av dei tidlegare arrangørane er i gang med programmet, men det er enno for tidleg å seie noko om innhaldet, utanom at arrangørane har høge ambisjonar.

 For nærare informasjon:

Høgskulen i Sogn og Fjordane, Leif Longvanes: tlf 906 46 424

NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, tlf 905 76 419

Sparebanken Vest, Tore Dvergsdal, tlf 951 98 501

IT-forum Sogn og Fjordane, Jan Heggheim, 905 66 623