Næringslivet – ein viktig nøkkel til klimaløysinga

ReNorway AS på Eid er ei av bedriftene i Sogn og Fjordane som gjer det enkelt og lønsamt for andre bedrifter og kommunar å velje fornybart. Ofte er det ein kompleks prosess for kunden, men gjennom å bruke bedrifter som ReNorway sin kompetanse får dei gjennomført alt dei må gjennom for å oppnå gode klimaløysingar.

Illustrasjon: Børge Brendenbekk/nyHands

Publisert 09.12.15

Sogn og Fjordane

Norge og norsk næringsliv har mykje å bidra med i internasjonal energi- og klimapolitikk. Medan klimatoppmøtet i Paris har eit langsiktig perspektiv fram mot 2030 og endå lengre, leverer norsk næringsliv klimaløysningar her og no. Vi har altså løysingane som verda har behov for.

For at ein skal få fart på satsinga på klima- og miljø, må det offentlege Norge meir på banen. Det offentlege kjøper inn for meir enn 400 mrd. i året, og gjennom innkjøp kan klima- og miljø bli sett som mål gjennom innkjøpet. Ein er difor avhengig av tøffe politikarar og kommunar som satsar. Løysingane er her, men kommunane må vere villige til å auke investeringsbudsjettet noko når dei t.d. skal bygge ny barnehage eller omsorgssenter. At dette ikkje er så lett i dagens budsjettkamp kan vi sjå, men med nye energiløysingar slår det gjerne positivt ut på driftskostnadane. Dermed sparer ein pengar.

Dagleg leiar i ReNorway Stephan ter Stege streker under at for å få til dei beste løysingane om ein vil ta omsyn til klima- og miljø, er det særs viktig at det blir køyrt dialogmøter der kommunane og andre offentlege innkjøparar inviterer inn leverandørar for å kunne oppnå det beste innkjøpet ved å bruke framtidsretta løysingar. ReNorway er ei av dei norske bedriftene som vil vere med på å gjere Norge endå grønare, men då må dei få mulegheita.

Norge har nokre store fortrinn når vi skal bygge bru mot lågutsleppsamfunnet. Vårt bidrag er langt større enn våre eigne utsleppskutt. Landet sit på ressursar som kan gjere omlegginga enklare for landa rundt oss.

Norske bedrifter, med høgt kompetente arbeidstakarar, utviklar og tar i bruk nye klimaløysningar på stadig fleire områder. Debatten om klimaløysningar har tatt vegen frå seminar og konferansar for spesielt interesserte og inn i styreromma i norske bedrifter. Der det er muleg kombinerer ein klima, næringsutvikling og konkurransekraft, og skaper nye berekraftige arbeidsplassar.

Norge sitt mål for klimatoppmøtet er utsleppskutt på 40 prosent innan 2030 samanlikna med 1990. Intensjonen er å oppfylle klimaforpliktinga saman med EU. Dette er ei ambisiøs, klok og framtidsretta innretning av norsk klimapolitikk, og næringslivet er innstilt på å gjere vårt for at Norge skal nå måla.

Problemet i dag er at norske bedrifter konkurrerer i ein internasjonalt marknad med bedrifter utan klimaregulering, noko som gir ulike konkurransevilkår i disfavør av Norge. Prøvesteinen om Paris blir ein suksess er om ein blir samde om at det skal koste å sleppe ut klimagassar, også kalla karbonprising. Karbonprising er den beste måten å få til like konkurransevilkår på, på tvers av land og kontinent. Det må lønne seg å kutte utslepp. Mange norske bedrifter jobbar med løysingar for å kutte utslepp. På denne måten vil ein global klimaavtale styrke norske bedrifter sine konkurransevilkår.

Debatten her heime om "eit grønt skifte" endar ofte i diskusjonar om alt vi skal slutte med – og alle næringane vi skal legge ned. Vi trur absolutt ikkje på denne tilnærminga. Klimapolitikken må skape fleire arbeidsplassar enn den kostar, både på kort og lang sikt. Vi skaper ikkje entusiasme for omstilling dersom det betyr at jobbane blir borte. Det grøne skiftet er ei omstilling som må komme i kvar verdikjede, og i kvar eksisterande næring, og ikkje minst i samspelet mellom ulike næringar og kompetanseområde. Vi kan ikkje slutte med alt vi gjer i dag, og begynne på nytt i morgon. Medisinen er heller å vere meir berekraftig i alt vi allereie gjer, og i alt det vi skal gjere i framtida.

Men for å lukkast med å bygge bru over til eit samfunn med langt lågare utslepp, trenger vi modige politikarar som investerer i dette "prosjektet", kloke bedriftsleiarar som saman med tillitsvalde grip mulegheitene som er i grøn næringsutvikling samt dyktige medarbeidarar som kan skape dei løysingane som fører oss vidare mot målet.