Næringslivet med lågare forventningar

I næringslivet sitt økonomibarometer kjem det fram at bedriftene i Sogn og Fjordane i første kvartal 2015 har lågare forventingar til årets marknadssituasjon og sysselsetjingsvekst, enn dei hadde i tredje og fjerde kvartal i fjor.

Den forventa sysselsetjingsveksten i Sogn og Fjordane gikk frå positiv til negativ frå fjerde kvartal 2014 til første kvartal 2015

Publisert 10.03.15

Sogn og Fjordane

Optimismen daler for det samla næringslivet i fylket, og Sogn og Fjordane er eit av tre fylke der næringslivet forventar negativ sysselsetjingsvekst i 2015. På spørsmål om korleis bedriftene opplever marknadssituasjonen viser barometeret for fylket ei dramatisk endring berre frå fjerde kvartal 2014 til første kvartal 2015. På landsbasis ser ein ei mindre dramatisk utvikling. Samla sett er bedriftene litt mindre optimistiske til marknaden, mens forventa sysselsetjingsvekst på landsbasis er uforandra frå fjerde kvartal i fjor.

Utsiktene varierer noko mellom fylka og regionane. Nedgangen i petroleumssektoren gir større utslag i nokre fylke, og i Rogaland kan ein sjå ein tydeleg nedgang i forventningane for året.

For Sogn og Fjordane sin del bør det leggjast til at talet på respondentar er lågare enn i andre fylke, og dermed kan resultata gi større feilmarginar