Årskonferansen 2015

Næringsdagane 2015

Programmet for næringsdagane 2015 er no klart. 20. og 21.mai serverer vi eit tettpakka program med det overbyggande temaet, innovasjon i privat og offentleg sektor.

Publisert 13.04.15

Sogn og Fjordane

For fullstendig program, klikk her. 

For å melde deg på konferansen, klikk her. 

Konferansane til NHO, IT-forum, næringskonferansen til Høgskulen/Sparebanken Vest og Næringsbarometeret blir no slått saman under namnet Næringsdagane 2015.   Ambisjonen er å skape ein slagkraftig konferanse der dei som ynskjer det kan velje deler av programmet. Det blir eit prøveår for å samle erfaring.

Det blir lagt opp til ein tjuvstart med diverse møter og næringspub 19.mai, dagen før konferansestart.

NHO Sogn og Fjordane har ansvar for andre del av programmet 20.mai, og dette er vår årskonferanse med same tema som NHO's nasjonale konferanse i Den Norske Opera og Ballet januar 2015. Temaet for vårt program er altså effektive bu og arbeidsregionar, og har tittelen #7millioner.

Les NHOs politikkdokument for meir informasjon om årets tema. (lenka er klikkbar)

Norge veks raskt. Når dagens 15-åringer fyller 40, kan befolkninga nærme seg 7 millioner. I tillegg til at vi blir fleire, bur stadig fleire i byregionar.
For næringslivet handlar dette blant anna om tilgong på arbeidskraft og til marked, om arealplanlegging, om forvalting og sakshandsaming, og om samferdsle / infrastruktur. 
Skal vi sikre velfungerande bu- og arbeidsmarkedsregioner i åra framover, med fortsatt kraftig befolkingsvekst og sterk konsentrasjon i og rundt regionsentra, vil det kreve store politiske løft.

  • Det handlar om å bygge bu- og arbeidsmarkedsregioner som evner å tiltrekke seg kompetent arbeidskraft og ny investeringar i næringslivet.
  • Det handlar om å møte voksesmerter med vesentlege forbetringer i veger og kollektivtransport. Det vil skape velfungerande og miljøvenlege byar. Også verdiskapande næringsregionar vil tene på slike investeringar.
  • Det handlar om å auke produktiviteten. Det må skje gjennom eit taktskifte i utviklinga av viktige samfunnsprosjekt, med betre organisering og større gjennomføringskraft.

Her er nokon av dei du møter på NHO Sogn og Fjordane sin konferansedel, 20.mai etter lunsj;

  • Petter Haas Brubakk, direktør for næringspolitikk NHO,
  • Jørn Rattsø, professor, NTNU,
  • Statssekretær Bård Hoksrud, Samferdsledepartementet,
  • Anette Elstad, distrikssjef Avinor,
  • Halvor Haukerud, dårleg leder i motarbeider.no.


Tittelen på foredraga finn du i programlenka ovanfor.

Konferansier for dagen er NHO Vestfold sin regiondirektør, Kristin Saga.

Vi lover konferansedeltakarane nokre interessante dager med spennande innhald.

Meir informasjon og oppdateringer kjem forløpande.