NæringsNM: Sunnfjord utanfor topp 10, men kjempebyks for Sogn

I NHOs ellevte NæringsNM dett Sunnfjord ned til ein 14. plass frå fjorårets sterke 4.plass, mens Sogn som i fjor var ein av dei svakaste regionane no er nummer 28. Samla sett endar fylket som nummer 11.

Publisert 21.01.15

Sogn og Fjordane, Vi meinar

NHOs NæringsNM måler og samanliknar næringsutviklinga i fylke, regionar og kommunar. Variablane som analysen er basert på er bedriftenes vekst og lønsemd, nyetableringar, og næringslivets storleik. Dette byggjer på alle bedriftene sine rekneskapstal frå 2013, tal frå einingsregisteret og SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk.

Sunnfjord har tradisjonelt sett prestert svært godt, med fleire topp 10-plasseringar, men er no nede som nummer 14. Dette skuldast i stor grad at Flora som i fjor var nummer 16, fell heilt ned til 133. plass, mens Førde som var oppe på ein sterk  5. plass, kjem ut som den 32. beste kommunen. Likevel er regionen framleis den 8. sterkaste regionen dei siste ti åra sett under eitt.

Sogn-regionen, med Sogndal i spissen gjer eit stort byks opp til 28. plass. Som dei to føregåande åra gjer Sogndal det svært godt, og er no NæringsNM sin 6. beste kommune. Høyanger klatrar nesten 300 plassar til nummer 51, medan Aurland gjer det mykje sterkare enn tidligare med ein 31. plass.

Både Stryn og Eid går ned mange plasseringar frå i fjor, medan Vågsøy klatrar litt. Nordfjord kjem samla ut som nummer 69. Også HAFS hamnar på nedre halvdel, som nummer 50 av i alt 83 regionar. Dei to regionane kjem spesielt dårleg ut når det kjem til nyetableringar, men HAFS er heilt oppe på 4. plass på feltet vekst, som blir målt ut frå prosent bedrifter med realvekst, vekstføretak justert for bransjestruktur, og føretak med vekst i verdiskapinga. Verd å merke seg er det òg at Gulen, som vi veit har høg netto innpendling, er den kommunen i landet som har auka næringstettleiken mest.

Det er spesielt innanfor feltet lønsemd at kommunane i fylket kjem godt ut. Både Førde, Gloppen og Sogndal er inne blant dei 20 beste kommunane når det kjem til bedrifter med positivt resultat før skatt og positiv eigenkapital. På felta vekst og nyetableringar er ingen av fylket sine kommunar blant dei 20 sterkase.

Dei små kommunane gjer det generelt svakare i NæringsNM enn dei store, og dei svakaste er gjennomgåande små kommunar. Dette er ei tydeleg utfordring for fylket vårt, og igjen eit hint om at vi må byggje større og meir effektive kommunestrukturar for å leggje grunnlag for eit berekraftig næringsliv med mulegheiter for vekst og nyetablering. Samstundes er det ein motivasjon for NHO Sogn og Fjordane, som vil halde fram med å arbeide for betre rammevilkår for næringslivet i fylket.

For å byggje eit sterkare næringsliv er vi heilt avhengige av moderne og effektiv infrastruktur. Ferjefri E39, Kystvegen og utbygging av breiband/fiber i heile fylket er spesielt viktige prosjekt, som vil ha stor betyding for morgondagens arbeidsplassar. Vidare må vi skape effektive og attraktive bu- og arbeidsregionar, som gjer fylket konkurransedyktig,  for etablering av nye verksemder, og for  tilflyttarar med relevant kompetanse. Forvaltninga og verkemiddelapparatet må syte for at det er enkelt å skape arbeidsplassar, og at rammevilkåra blir optimaliserte for dei som etablerer næringsverksemd, og som tar næringslivet i fylket eit steg vidare.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419