Næringsutvikling gjennom trebygg

NHO Sogn og Fjordane deltok på Tredagen 2014 som synleggjorde muligheiter for næringsutvikling ved auka bruk av tre i offentlege bygg i Sogn og Fjordane.

Publisert 19.11.14

Sogn og Fjordane

NHO Sogn og Fjordane deltok på Tredagen 2014, i regi Innovasjon Norge. På konferansen kom det fram at auka bruk av tre i offentlege bygg kan bidra til næringsutvikling i Sogn og Fjordane.

Massiv Lust er ei av gründerbedriftene i fylket som ser potensiale innan treindustrien og kan vise til fleire spanande prosjekt dei har vore med på. Dei ønskjer bruke lokale leverandørar av treverk, med per i dag er det få leverandørar i Sogn og Fjordane. Her ligg eit uutnytta potensiale meiner dei. 

Asplan Viak er også positive til bruk av tre i offentlege bygg. M.a. gjennom OPS- samarbeidet med Bergen kommune og bygging av Søreide skule ser dei positive effektar. - Å byggje i tre har mange fordelar som rask bygging, det er rimeleg og slitesterkt. I tillegg har trebygningar godt inneklima og ved bruk av lokalt treverk vert co2 rekneskapa i samband med offentlege bygg reduserte.

NHO Sogn og Fjordane presenterte program for Leverandørutvikling på konferansen og fekk positive tilbakemeldingar på satsinga. Den regionale satsinga er no på jakt etter offentlege bygg som kan bli pilotar i dette programmet ved oppføring av trebygg. Sjå meir om den regionale satsinga HER.

Ta kontakt med Marit Gjerstad eller Siri Stavang for meir informasjon eller spørsmål.

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860
Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949