NHO Arena 2015

NHO Sogn og Fjordane inviterer bedrifter og politikarar til møteplassen NHO Arena. Dei neste vekene arrangerer vi fire møter i Høyanger, Florø, Førde og Nordfjordeid.

Publisert 13.01.15

Sogn og Fjordane

Regiondirektør Jan Atle Stang og våre styremedlemmar gir ei oppdatering frå  NHO sin årskonferanse, og møtet med stortingsbenken. Vidare vil det bli tematiske presentasjonar, før vi rundar av med open diskusjon om næringslivet i Sogn og Fjordane.

NHO Sogn og Fjordane ønskjer med dette å skape møteplassar for idéutveksling, samarbeid, nettverksbygging og gode diskusjonar.

Nytt denne mulegheita til å møte NHO, politikarar og bedrifter og sei kva du meiner om næringsutvikling i fylket! Det blir lett servering.

Høyanger: 19. januar
Florø: 20. januar
Førde: 2. februar
Nordfjordeid: 3. februar

Sjå program for detaljer og påmelding