NHO møtte Stortingsbenken

Leverandørutvikling gjennom offentlege innkjøp kan nyttast som virkemiddel for å gjere Sogn og Fjordane rusta for framtida, meiner NHO SF.

Publisert 18.02.15

Sogn og Fjordane, Leverandørutvikling

Måndag 16. februar var det fellesmøte i Førde med Stortingsbenken, fylkesutvalet, Fylkesmannen, KS, Høgskulen, NHO, IN og LO. Hovudtema var kva som skjer med offentleg sektor i Sogn og Fjordane og omfatta m.a. kommunereforma, regionreforma og endringar i den regionale stat.

NHO Sogn og Fjordane presenterte Nasjonalt program for Leverandørutvikling som i korte trekk handlar om at det blir jobba for at offentlige innkjøp skal bli enklare å gjennomføre, og at innkjøpa skal bli brukt på ein ny måte for å fremje utvikling og innovasjon i nasjonalt og regionalt næringsliv.

Eit effektivt Sogn og Fjordane
Regjeringa er opptatt av at stat og kommune skal bli meir effektive og innovative for å møte endringane som kjem med eldrebølgja og lavutsleppssamfunnet samtidig som oljeinntektene reduserast. Stortingsbenken og dei andre frammøtte i Førde er tydeleg klar over at Sogn og Fjordane må førebu seg på store endringar i tida framover. Flytting av offentlege arbeidsplassar frå bygd til by kan bli dramatisk for mange lokalsamfunn i fylke. Med sentraliseringsbølgja som er på full veg innover fylket, må ein i endå større grad støtte opp om lokal næringsutvikling for å sikre arbeidsplassar og levedyktige samfunn i framtida.

Offentlege innkjøp som virkemiddel
Korleis kommunereforma og andre pågåande reformer vil slå ut for fylket er framleis uvist, men at det offentlege må samarbeide meir på tvers av kommune- og fylkesgrenser er deltakarane på møte klar over. NHO meiner at program for Leverandørutvikling kan bli eit virkemiddel for å skape vekst i Sogn og Fjordane. På møte la NHO stor vekt på at politikarane i fylket og leiinga i offentleg sektor må vere pådrivarar for at det offentlege tek i bruk muligheitsrommet for dialog med leverandørane i samband med offentlege innkjøp med hensikt å skape utvikling og innovasjon.

Kompetanse og tid
Det er avgjerande at tilsette i kommunane og i offentlege verksemder og etatar har god kompetanse kring innkjøpsprosessar. Det er også viktig at politikarane og leiing set av nok tid i ein innkjøpsprosess, til å gjennomføre dialogaktivitetar. Eid kommune er med som nasjonal pilot i Leverandørutviklings- programmet og eit godt døme på ein offensiv kommune som tenkjer framtidsretta i sine offentlege innkjøp.

Saman med det offentlege ønskjer NHO Sogn og Fjordane å vere ein pådrivar for å sikre eit berekraftig næringsliv å leve av i framtida i Sogn og Fjordane. Avslutningsvis i sin presentasjon oppmoda NHO dei frammøtte om å melde ifrå om offentlege anskaffingar dei kjenner til som skal på anbod i framtida, og delta på/melde på offentlege tilsette på Workshop i offentlege anskaffingar 11. mars. 

 

 

 

Kontakt oss

Siri Laquian Stavang

Prosjektleder

NHO Sogn og Fjordane

siri.stavang@nho.no
Telefon
98031949