NHO styrker samarbeidet i vest

Sogn og Fjordane og Hordaland blir frå 2020 til Vestlandsregionen. NHO og regionkontora våre i dei to fylka har jobba for ei slik regiondanning, og vil gå føre og allereie frå august i år blir den nye NHO-regionen etablert. Ei slik organisering meiner vi vil tene både næringslivet og arbeidslivet elles på Vestlandet.

#205

Regiondirektør i NHO Hordaland, Tom Knudsen, vert leiar for begge regionkontora i Hordaland og Sogn og Fjordane frå 1.august 2017. Noverande regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, vil halde fram i stillinga si til han startar i ny jobb i Oslo, som sjef for internkommunikasjon i NHO.

Publisert 23.03.17

Sogn og Fjordane

NHO ønskjer å gjere grep for å kunne utføre ein endå betre jobb for medlemene sine, samt stå fram endå sterkare i samfunnsdebatten og dermed vere meir i takt med den utviklinga vi ser i samfunnet. Etter dialog med våre tillitsvalde i begge dagens fylke, har vi konkludert med at vi vil samla dei to kontora i Hordaland og Sogn og Fjordane under éin regiondirektør. Regiondirektøren i NHO Hordaland, Tom Knudsen, vil få denne oppgåva frå 1. august 2017.

- Eg gler meg til igjen å samarbeide med NHO sine medlemsverksemder, tillitsvalde og tilsette i Sogn og Fjordane, seier Tom Knudsen. Han fungerte som regiondirektør i Sogn og Fjordane i eitt år før Jan Atle Stang blei tilsett.

NHO skal framleis vere representert i heile Vestlandsregionen og kontoret i Florø er viktig og vil sjølvsagt bli oppretthalde med minst to medarbeidarar. Regiondirektør Tom Knudsen vil tiltre relevante fora i Sogn og Fjordane på linje med Hordaland. Det betyr at regiondirektøren vil delta på dei arenaer som er viktige i begge fylka, t.d. innan området fagopplæring.

NHO Hordaland og NHO Sogn og Fjordane har allereie eit tett samarbeid, og deler på fleire funksjonar innan til dømes reiseliv, sal/marknad, arbeidsgjevarservice,  leverandørutvikling/offentlige innkjøp og Ringar i Vatnet. Namnet på den nye NHO-regionen vil bli bestemt når det offentlege har avgjort namnet på vestlandsregionen.

- Eg er glad for at NHO viser i praksis at vi som organisasjon tek regionreforma på alvor, og at vi gjer grep som er framtidsretta og som vil styrke arbeidet vi skal gjere ut mot medlemsbedriftene våre. Det å kople seg opp til ein større og sterkare fellesskap meiner eg vil gje positive utslag for medlemsbedriftene våre, seier Jan Atle Stang.

Styra i dei to fylka vil halde fram som i dag, med Tom Knudsen som sekretariat inntil noko anna blir bestemt. Det blir også lagt opp til ein del felles styremøte mellom NHO Hordaland og NHO Sogn og Fjordane. Dette for å styrke samarbeidet og for at styra skal få kjennskap til kvarandre sine utfordringar og mulegheiter.

Dagens regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, vil halde fram i stillinga si til han startar i ny jobb i Oslo, som sjef for internkommunikasjon i NHO den 1. august.

- Det har vore ei spennande tid og ein svært gjevande jobb å vere regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane. Målet har vore å gjere ein optimal jobb for medlemsbedriftene, samt gjere NHO meir synleg både for ålmenta og medlemmene i fylket. Det meiner eg vi har greidd, ikkje minst takka vere ein fantastisk dyktig stab ved kontoret i Florø som har stått hardt og målretta på for dei 750 medlemsbedriftene våre, seier Stang.

Kontaktpersoner:

Tom Knudsen                                                                  Tlf 908 30 688

Jan Atle Stang                                                                 Tlf 905 76 419

NHOs pressetelefon                                                        Tlf 480 22 800

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Kommunikasjonssjef

Kommunikasjon (Desken, Event og internkommunikasjon)

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419
Tom Knudsen

Regiondirektør

NHO Hordaland

Tom.Knudsen@nho.no
Mobil
90830688