Nødvendige strukturendringar

Norge har over lengre tid opplevd ei auke i folketalet med konsentrasjon i byar og bynære strøk. Fram mot 2040 ventar ein vekst i alle fylka, men det er store skilnadar mellom regionane.

Publisert 11.05.15

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Ikkje uventa kjem den største veksten i byområda medan mindre sentrale strøk vil oppleve stagnasjon eller nedgang. Vi må skape større og meir slagkraftige kommunar som får fart på planlegginga og bygginga av bustader, kollektivtransporten og raskare klargjering av nye areal for næringslivet. Dette handlar NHO Sogn og Fjordane sin årskonferanse 20.mai om.

På midten av 1800-talet i Noreg budde om lag ti prosent av befolkninga i tettbygde strøk. I dag er andelen åtte gonger høgare. Vi er ulike frå mange andre land ved at ein større del av vekstkrafta og utviklinga i næringslivet er knytt til forvaltninga av naturressursar – særleg langs kysten, og at vi bur spreidd. Dette gjeld også for byregionane. Utfordringane er dermed ikkje først og fremst reelle plassproblem, men flaskehalser og mange motstridane omsyn innanfor byregionane.

Den offentlege innsatsen for samfunnsbygging har historisk vore prega av fragmenterte slutningar med løyvingar og vedtak kring einskildprosjekt. Lokale perspektiv har ofte vore til hinder for større regionale mulegheiter. Ambisjonane har historisk vore for puslete for investeringar i naudsynt infrastruktur. Realisering av større bu- og arbeidsmarknadsregionar må vere sentrale byggeklossar fram mot 2040. Det gir grunnlag for innovative regionar gjennom kopling av ulike næringsmiljø og kunnskapsklynger.

Vi er plassert i utkanten av Europa og våre bedrifter har avstandsulemper. For næringslivet er det særs viktig at samferdsleløysingar knyter oss saman, utvider regionane og bind oss til resten av Europa. For transportnæringa i vårt fylke er det også viktig at dei store byane i landet har velfungerande infrastruktur slik at lasta ikkje blir hindra unødig.  Under konferansen i Førde kjem statssekretær Bård Hoksrud og vil leggje fram regjeringa si satsing på samferdsle.

         NHO Sogn og Fjordane har teikna eit forslag til nye kommunar

Befolkningsendringar, endringar i næringsstruktur, oppgåveomfang og utvikling i teknologi og infrastruktur har for lengst sprengt dei formelle råmene for kommune- og fylkesinndelinga. Betre kommunikasjon og teknologisk utvikling har redusert mange avstandsulemper. Regionane i dag er som regel "fleirkommunal". Dei omfattar eit stort omland med stor inn- og utpendling. Der fjellovergangar og fjordar tidlegare var naturleg skilje mellom kommunar, har tunnel- og brubygging skapt nye samhandlingsmønstre og mulegheiter. Men vi har sjølvsagt ein god del att i Sogn og Fjordane før vi kan seie oss nøgde på samferdslesida. Men det må ikkje hindre oss i å tenkje større kommunar og meir robuste bu- og arbeidsmarknadsregionar. Professor Jørn Rattsø argumenterer for kvifor ei kommunereform er viktig den 20.mai.

Sogn og Fjordane må få sterke regionar som er framtidsretta, der ein kan sjå større område under eitt og bygge sterke senter. Kommunane har i dag for sårbare kompetansemiljø og ressursar til å kunne vere så framoverlente som vi trur kommunane må vere for å kunne heve seg i kampen om framtidige arbeidstakarar og tilflyttarar. NHO Sogn og Fjordane ønskjer ein konstruktiv debatt om korleis kommunekartet kan sjå ut. Vi har på nytt teikna eit forslag, for å få fleire til å reflektere over emnet, der vi tar utganspunkt i område som vi meiner utgjer ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion. Vi meiner at ei samanslåing vil gjere det lettare å planlegge areal for bygging av nye bustadar, bedrifter og å planlegge tenester til innbyggjarane. Større kommunar styrker fagmiljøa, gjer ei meir effektiv sakshandsaming og gjer kommunane til ein meir kompetent medspelar for næringslivet. 

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419