Ny kraftsatsing på veger

NHO vil ha raskare utbygging av vegar over heile landet. Det er dessutan nødvendig å doble kapasiteten i kollektivtransporten i byane. Ei slik kraftsatsing vil binde bu- og arbeidsmarknadsregionane saman. Dette gjer det også lettare å opprette færre og meir slagkraftige kommunar.

Design: Hyper

Publisert 03.09.15

Sogn og Fjordane

Samferdslepolitikken mot 2030

 

Sjølv om samferdslebudsjetta har auka jamt dei siste åra er framleis nivået altfor lågt. Samferdsle er underinvestert i høve til behovet. Difor vil NHO at Stortinget årleg skal løyve 65 milliardar kroner til samferdsle. Dette er ei auke på heile 73 prosent. Samla blir då investeringsramma til Nasjonal Transportplan 2018-2029 på 780 milliardar kroner. Forslaget vil gjere det muleg med ei langt raskare bygging av dei viktigaste vegane våre i Sogn og Fjordane; som til dømes heile E39 gjennom fylket vårt, Strynefjellet, Vikafjellet og andre storsatsingar i landet. Og ikkje minst aust-vestsambandet rv 52 Hemsedalsfjellet.

For Sogn og Fjordane har vi lagt inn 6 prosjekt i det nye Samferdsleløftet. NHO Sogn og Fjordane har også jobba hardt for at rv. 52 over Hemsedal skulle bli valt som heilårsveg. Den er no inne; NHO og Statens Vegvesen er samstemte om at dette prosjektet, saman med E 134 Haukeli skal prioriterast som heilårleg aust-vestsamband.  

Heile E39 gjennom fylket er allereie vedtatt, men ikkje alle parsellane er tatt med på kartet vårt. Det gjeld bl.a. Skei-Møre grense, som er bestemt skal gå i tunnel gjennom Utvikfjellet og bru over fjorden til Svarstad.

Saumlause regionar er ein nøkkel for næringsutvikling og innovasjon, og dette heng nært saman med god infrastruktur. Det må førast ein arealpolitikk der bustader og arbeidsplassar i større grad blir lokalisert kring samferdsleknutepunkt, og flaskehalsar må utbetrast. På bypakkar har NHO prioritert Førde-pakken i dette løftet. Førde sentrum treng å bli utbetra slik at byen som knutepunkt ikkje blir ein flaskehals for pendlarar og anna transport.

Landet og fylket har store vedlikehalds- og investeringsbehov. NHO meiner ein må sikre tilstrekkelege midlar til drift og vedlikehald av fylkes- og kommunale veger og anna samferdsleinfrastruktur slik at vedlikehaldsetterslepet blir tatt igjen, også for knutepunkt for godstransport. Dette gjeld også rassikring og andre tryggingstiltak. Dette vil også gjere det lettare å få realisert viktige prosjekt som Kystvegen og trygging av 609 ved Heilevang.

Ein må difor syte for at lokalpolitikarar følgjer opp og stressar staten for å sikre at riksvegnettet blir utvikla vidare i tråd med næringslivet og samfunnet sine behov. NHO vil jobbe for reformer i planleggingsregimet, finansieringssystemet og gjennomføringsmodellane slik at tempoet i samferdsleutbygginga aukar vesentleg.

I Sogn og Fjordane foreslår NHO gjennom Samferdsleløftet III å prioritere følgande prosjekt:

  • Rv.15 Strynefjellet
  • E39 Bjørset-Skei
  • E39 Indre
  • Bypakke Førde
  • Rv. 13 Vik-Vangsnes
  • Rv. 13 Boadalen-Tistel (Vikafjellet)
  • E16 Nærøydalen

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419