Ny NHO-medarbeidar i Sogn og Fjordane

Silje Luzia Rødeseike startar som rådgjevar i NHO Sogn og Fjordane den 16. januar.

#205

16. januar starter Silje Rødeseike på regionkontoret i Sogn og Fjordane.

Publisert 08.12.16

Sogn og Fjordane

Silje er 26 år gammal og frå Haugesund. Ho har ein mastergrad i samanliknande politikk (statsvitskap) frå Universitetet i Bergen (UiB), samt studert og jobba i kortare periodar både i New York, Berlin og Brussel. 

Silje har også jobba som journalist i Haugesund, med særleg fokus på næringsliv i Rogaland gjennom eit eiga næringslivsmagasin der ho var programleiar. Ho har vore praktikant i Brussel ved Vest-Norges Brusselkontor der ho blant anna arbeidde med å følgje europeiske politikkområder med relevans for fylka og kommunane på Vestlandet. Etter avslutta mastergrad har ho jobba med ulike frilansoppdrag innanfor områda kommunikasjon, media og innhaldsproduksjon.

Silje seier at ho gler seg til å jobbe for næringslivet i Sogn og Fjordane og til å lære meir om fylket.

-          Dette er eit sprekt fylke som eg har eit godt inntrykk av, med eit næringsliv som verkar mangfaldig, framoverlent og nytenkjande, seier ho, og legg til at i tillegg til den  fantastiske naturen, gler ho seg til å møte folk og bedrifter.

-          Det er nok mykje å sette seg inn i i starten, men det skal både bli interessant og spennande. Eg ønskjer å bidra til å fremme det lokale næringslivet, ved både å formidle dei mulegheitene som finst og dei utfordringane føretaka møter. Saman skal vi prøve å finne gode løysningar, seier den nye NHO-rådgjevaren.

NHO er opptatt av heile samfunnsutviklinga. Å få høve til å jobbe heilskapleg, men samstundes sentrert med einskildområder og prosjekter, synst ho er spennande.

-          Eg gleder meg verkeleg til å ta fatt på jobben i Sogn og Fjordane i midten av januar!