Ny regiondirektør gler seg til valmøte i fylket

I år som dei tidlegare valåra skapar NHO Sogn og Fjordane møteplassar for at bedrifter og politikarar skal kunne møtast for å diskutera mulegheiter og utfordringar i næringslivet.

#205

Fotograf: Moment Studio

Publisert 23.08.17

Sogn og Fjordane

Gjennom dei neste to vekene skal NHO Sogn og Fjordane halde fem valmøte kring om i fylket. Stortingskandidatar frå alle parti i fylke blir invitert til å bli betre kjend med det innhaldsrike næringslivet i Sogn og Fjordane. Bedriftene dekkjer sentrale næringar og kjem frå ulike delar i regionen. Møta blir leia av Tom Knudsen, som 1.august tok over som regiondirektør i Sogn og Fjordane for Jan Atle Stang.

- Næringslivet på Vestlandet har lagt bak seg ein periode med store utfordringar, og behovet for omstilling er stort. Difor treng vi ein framtidsretta og framoverlent næringspolitikk. Det er heilt avgjerande at næringslivet har rammevilkår som gjer omstillinga muleg, seier regiondirektør for NHO Sogn og Fjordane og NHO Hordaland, Tom Knudsen.

Kva er nøkkelen til framleis vekst og utvikling i Vest?

- Det er nettopp det vi skal spørje bedriftene om, forklarer Knudsen. I dei næringspolitiske valmøta inviterast bedriftene til å gjere greie for, ikkje berre verksemda si, men også kor «skoen trykkjer» og kva mulegheiter dei ser framover. Vi ønskjer å gje stortingspolitikarane som no skal inn i ein ny periode god innsikt og kjennskap til korleis dei kan bidra til å realisere mulegheiter og løyse bedriftenes utfordringar, seier Knudsen.

Knudsen har tidlegare fungert som regiondirektør i fylket og gler seg igjen til å samarbeide med NHO sine medlemsverksemder, tillitsvalde og tilsette i Sogn og Fjordane.

Viktig og god møteplass

I løpet av dei neste dagane blir det fem næringspolitiske møter både i Flora, Førde, Loen, Sogndal og Askvoll, med ulike tema innan reiseliv, byggenæringa, teknologi/energi, havrommet og industri. Tilsvarande møte har ein også hatt i Hordaland, og stortingskandidatane gir positive tilbakemeldingar på at dette er gode og nyttige arrangement. Til saman arrangerer NHO Hordaland og Sogn og Fjordane 17 valmøte i forkant av haustens stortingsval.

- Dette blir ein viktig møteplass med fokus på verdiskaping, infrastruktur, arbeidsplassar og rammevilkår. Eg rett og slett gler meg til å ta fatt på arbeidet og ser fram til gode dialogmøte med både politikarane og næringslivet i Sogn og Fjordane, seier regiondirektøren før haustens første møte på måndag.

Kontakt oss

Tom Knudsen

Regiondirektør

NHO Vestlandet

Tom.Knudsen@nho.no
Mobil
90830688