Nytt regelverk for offentlege anskaffelsar

Vi får store endringar i regelverket for offentlege anskaffelsar. Kva inneberer desse endringar for deg som bedrift? NHO Sogn og Fjordane inviterer til informasjonsmøte på nyåret.

Arnhild D. Gjønnes

Arnhild D. Gjønnes Fotograf: Moment studio

Publisert 08.12.16

Sogn og Fjordane

Nytt regelverk for offentlege anskaffelsar trer i kraft 1. januar 2017.
På ei rekke områder vil det nye regelverket by på tvil og utfordringar. Dette vil gjelde i stor grad innafor det nasjonale området der det no ikkje vil vere prosedyrereglar å forhalde seg til.

I tillegg vil det blir krav om at kommunikasjon mellom oppdragsgjevar og tilbydar i konkurransefasen skal vere elektronisk.

I samband med det nye regelverket inviterer NHO Sogn og Fjordane til eit informasjonsmøteScandic Sunnfjord Hotel, Førde, 10.januar kl. 11.30 til 15.30.

Meld deg på her.
Påmeldingsfrist fredag 6. januar 2017.


Arnhild Dordi Gjønnes, advokat i NHO, kjem til å orientere om:

  • Nye terskelverdiar
  • Nytt nasjonalt regelverk
  • Nye EØS-reglar
  • Krav om bruk av lærlingar

Det vert også høve til å stille spørsmål.
Tore Andre Sines, prosjektleder i Nasjonalt program for leverandørutvikling, kjem også for å orientere kort om satsinga.
Møtet starter med lunsjservering i møterommet.

Kontakt oss