Ønskjer innspel kring ny læringsplattform

I samband med ei føreståande anbodskonkurranse gjeldande ny læringsplattform-løysing for grunnskulen i Nordfjord, inviterer prosjektgruppa aktuelle leverandørar til eit leverandørdialogmøte på Eid 6. oktober.

Foto: Ingun A. Mæhlum / Senter for IKT i utdanningen.

Elever med PC i klasserom.

Publisert 14.09.16

Sogn og Fjordane

Grunnskulen i Nordfjordkommunane skal ha ny læringsplattform og inviterer i samband med dette aktuelle leverandørar til eit dialogmøte 06.oktober kl. 10:00 i Operahuset på Nordfjordeid.

Her kan du som leverandør få eit innblikk i brukarane sin kvardag og behov.

Program for dagen
Dato: 6. oktober 2016
Stad: Operahuset, Nordfjordeid

09.30 – 10.00 Registrering & kaffi
10.00 – 10.15 Velkommen. Mål for dagen.
10.15 -- 10.30 Om Nasjonalt program for leverandørutvikling v/NHO
10.30 – 11.15 Nordfjord presenterer overordna behov knytt til LMS-løysing.
11.15 – 12.00 Leverandørdialog i plenum: spørsmål og svar.
12:00 – 13.00 Lunsj: Leverandørane har høve til å snakke saman.
13.00 – 15.30 Ein-til-ein-møte etter avtale.

Invitasjonen blir også lagt ut på Doffin: 147777/ LMS2016.

Påmelding
Frist for påmelding er 30.09.2016
For påmelding og spørsmål til konferansen blir å kontakte:

Bård Fløde, Utviklingskoordinator oppvekst Nordfjord
bard.flode@selje.kommune.no
Mob: 90658676

Prosjektet ber om at det i påmeldinga blir opplyst om:
• Namn
• Firma
• Kontaktinformasjon (mobil og e-postadresse).
• Kor mange deltakarar som kjem.