Ordningar ein berre kan drøyme om andre stadar

Administrerande direktør i Paneda AS Geir Gjørsvik let seg begeistre då han og resten av styret i NHO Sogn og Fjordane var på studietur i Brussel i haust. No håpar han at andre bedrifter kan få opp auga for støtteordningane i EU når NHO arrangerer Europadag i Jølster 16. april.

Geir Gjørsvik håpar fleire får opp auga for mulegheitene i EU

Publisert 27.03.15

Sogn og Fjordane

Paneda eigar og driftar blant anna 200 TV-sendarar i Norge. Målsetjinga er å bli ein leiande aktør innan kringkasting av digital radio (DAB) og digital multimedia (DMB) i tunnelar, T-banar, bygningar og andre konstruksjonar. Nylig vant Paneda DAB ei stor kontrakt på å oppgradere 22 tunnelar i Oslo-området frå FM til DAB-kringkasting med naudinnsnakk. No har selskapet 40 tunnelar i Norge som har og skal ha Paneda sitt kringkastingssytem.

Som del av NHO Sogn og Fjordane sin styretur til Brussel, fikk selskapet sin administrerande direktør, Geir Gjørsvik, auga opp for mulegheitene i EU:

Med støtte til opptil 70 prosent av kostnadane, er dette ordningar ein berre kan drøyme om andre stadar

- Studieturen til Brussel var svært interessant. Vi fekk innsikt i korleis EU fungerer og blei orientert om kva mulegheiter norske bedrifter har til å få drahjelp til å utvikle nye produkt, finne samarbeidspartnarar og få detaljert kunnskap om den europeiske marknaden.

Når NHO Sogn og Fjordane inviterer næringslivet til europadag, er det for å inspirere fleire til å utvide horisonten.

- Vi opnar dagen med europaminister Vidar Helgesen, og følgjer på med norske aktørar i Brussel, bedrifter, og innlegg frå mellom anna Innovasjon Norge og Forskingsrådet som jobbar spesielt opp mot ulike EU-program, der norske bedrifter kan ha mykje å hente i form av midlar. Vi har ressursar i fylket som hjelper bedriftene med søknadsprosessen i den samanheng, og det er viktig at vi får vist fram disse, seier regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane Jan Atle Stang.

Det var spesielt EU-programma og støtteordningane som imponerte Geir Gjørsvik, og han håpar fleire vil sjå mot potten på svimlande 80 milliarder euro, som ligg i EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020.

- Eg hadde personlig ikkje satt meg særlig inn i EU-programma tidligare, og må innrømme at eg blei svært positivt overraska over dei gode tiltaka som eksisterer. Vi vil heilt klart nytte oss av støtteordningane i Horisont 2020. Med støtte til opptil 70 prosent av kostnadane, er dette ordningar ein berre kan drøyme om andre stadar, avsluttar Gjørsvik.