Regionkontoret på turné: Frukostmøte og bedriftsbesøk

Førre veke var regionkontoret ved Marit Gjerstad og Christian Albertsen i Fjaler og Vik for møte med næringsliv og medlemsbedrifter.

Ole Petter Ramberg, Daglig leiar i Petal AS, saman med Marit Gjerstad

Publisert 20.10.14

Sogn og Fjordane

I Dale deltok vi på eit frukostmøte i regi av Fjaler Næringsutvikling. På Allmuen kafe og interiør presenterte vi nasjonalt program for leverandørutvikling, eit samspel mellom det offentlege og leverandørar i offentlege innkjøpsprosessar. Dette var også tema i møtet med Rådmann i Fjaler Ola Hovland, og arbeidsmarknadsbedrifta Vevang Produksjon. Med programmet ønskjer vi å legge til rette for smartare samhandling og smartare innkjøp, med mål om å fremme innovative løysningar.

Marit Gjerstad i NHO fortalde om lerverandørutvikling på frukostseminar i Fjaler

Marit Gjerstad i NHO fortalde om leverandørutvikling på frukostseminar i Fjaler

Også Ordførar Arve Helle var til stades på frukostmøtet, og etterpå tok han oss med til Haugland rehabiliteringssenter, ei svært spennande bedrift i naturskjønne omgjevnader ca. 2 kilometer frå Flekke. Senteret er i dag den største rehabiliteringsinstitusjonen på Vestlandet.

I idylliske Vik besøkte vi fire hardtsatsande og inspirerande medlemsbedrifter. I tur og orden var vi hos leverandør av trafikksikringsløysningar Vik Ørsta, den prisvinnande IT-bedrifta Highsoft, produsent av baderomsinnreiingar Linn Bad, og produsent av skreddarsydde metallfasadar Petal AS. På medlemsbesøka får vi orientert bedriftene om våre aktuelle satsingar, samstundes som vi får eit verdifullt innblikk i verksemdene, noko som gjer oss betre rusta til å arbeide for deira rammevilkår.

Daglig leiar i Highsoft Grethe Hjetland viser eit kreativt og populært tilbod på arbeidsplassen!

Dagleg leiar Grethe Hjetland viser eit kreativt og populært tilbod til dei tilsette i Highsoft

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860