Reiselivskonferansen 2015

Årets reiselivskonferanse i Sogn og Fjordane, "Fjordane frå bre til hav", vert 19.-20. november i Førde på Scandic Sunnfjord Hotel.

Publisert 06.10.15

Sogn og Fjordane

Har du meldt deg på? Registrer deg, og sikre deg plass no.

Meld deg på og høyr korleis framtidsretta aktørar som leverer opplevingar har lukkast med satsinga. Utvid nettverket ditt gjennom speed-dating og få kjennskap til den ferske gardsturismeundersøkinga.

Lær om korleis du via nettstaden din kan få fleire kikkarar til å bli kjøparar. Bli oppdatert på berekraftprosjektet og destinasjonsstrukturar. Reiselivsprisen 2015 vert delt ut! Mellom anna!

Reiselivsnæringa er mangfaldig og skapar verdiar for 70 mrd. kroner årleg. Av dette står opplevingar for 8 mrd (Menon 2015). På konferansen set vi søkjelyset på dette sentrale elementet for auka verdiskaping. Stikkorda er inspirasjon og læring!

Programmet for konferansen finn du her:
Program - Fjordane frå bre til hav.