KommuneNM: God på kompetanse og arbeidsmarknad

Resultatet frå NHO sitt KommuneNM er klart. Generelt gjer kommunane i Sogn og Fjordane det godt og sidan 2011 har fleire kommunar gått fram. På topp 5 i fylket finn vi Sogndal, Leikanger, Førde, Gulen og Eid. Fylket har to kommunar, Sogndal og Leikanger, blant dei 20 høgast rangerte i landet, og totalt fem kommunar på topp 100-lista.

#205

Illustrasjon

Publisert 10.08.17

Sogn og Fjordane

Større kommunar kjem betre ut

Det er byområda Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim som går sigrande ut av årets målingar. Alle landets fem kommunar med meir enn 100 000 innbyggjarar er blant dei 20 høgast rangerte. Kommunar som ligg kring dei største byane tenderer også til å få høg plassering. På same måte som dei største klart er i toppen finn vi mange av dei små på botnen av lista. Nasjonalt sett er dei 20 kommunane men lågast plassering færre enn 3000 innbyggjarar.

Analysen syner at det er ein klar og positiv samanheng mellom storleik og plassering på lista i årets KommuneNM. Folketalet har ein positiv innverknad på dei ulike indikatorane, spesielt på kompetanse og arbeidsmarknad. Dette indikerer at samanslåing av kommunar til større einingar på sikt kan gje vinst langs dei faktorane som indikatorane belyser.

Leikanger i Sogn og Fjordane er faktisk den einaste kommunen med under 5 000 innbyggjarar på topp 20- lista, nasjonalt. Leikanger og Sogndal er to av få døme på at små kommunar kan scora høgt på den nasjonale topp-lista. Førde scorar også bra på arbeidsmarknadsindikatorane, som nummer 2 i fylket og nummer 14  i landet.

Fylkets største kommune i folketal, Førde, rangerast som nummer 3 i fylket. Kommunen gjer det veldig godt på arbeidsmarknads- og kompetanseindikatorane. På desse to kategoriane ligger de inne på topp 20-lista i landet. Næringsstrukturen i Førde (i likskap med Sogndal) skil seg i høve andre kommunar i fylket med låg del sysselsette i primær- og sekundærnæringa og høg del i tenesteyting innan m.a. helsesektoren.

Industrikommunen Flora og Vågsøyer god på næringsutvikling og er dei to beste kommunane i fylket i kategorien «næringsliv og privatøkonomi», med blant anna høg andel sysselsette i privat sektor. Flora er den kommunen med stor bredde i næringslivet, og ligg faktisk som nummer 1 i landet på næringsvariasjon. Flora har også vært råka av oljenedgangen, og har difor noko høgare arbeidsledighet enn andre kommunar i fylket. Eid er også rangert på topp 5 i fylket og inne på topp 100 i landet. Kommunen har høg sysselsetting og ei godt utdanna befolkning og scorar difor høgt på kompetanse- og arbeidsmarknadsindikatorane.

Sjå resultata frå kommuneNM her

Leikanger best i landet på kompetanse og arbeidsliv

Sogn og Fjordane rangerast som nummer 6 av 19 på kompetanseindikatoren. Mange kommunar i fylke kjem høgt på den nasjonale rangeringa, heile 9 av fylkets 26 kommunar hamner på topp 100-lista når det gjeld kompetanse. På topp i Norge finn ein Leikanger, som grunna stor offentleg administrativ aktivitet har mange med høgare utdanning i høve til befolkninga i yrkesaktiv alder. Leikanger er også den kommunen med lågast del sysselsette i privat sektor i landet, også på næringsvariasjon er dei nedst på lista.

Årdal kjem på ein 10. plass og Førde på ein 19. plass på den nasjonale kompetanseindikatoren. Dette kan truleg skuldast Hydros forskingsaktivitet i Årdal, og eit solid kompetansemiljø blant anna gjennom institusjonar som Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet og Lotteritilsynet. Sogndal rangerast også høgt på kompetanseindikatoren, her finn ein også sterke kompetansemiljø. Elles er Sogndal rangert relativt høgt i alle kategoriar. Sjølv om det er ein del kommunar som scorar høgt på kompetanseindikatoren ser ein at brorparten av kommunane i fylket hamnar på midtre og nedre del av skalaen.

På fylkeslista er Sogn og Fjordane nummer 12 av 19, ein plass opp sidan 2011. Sogn og Fjordane er det fylket i landet som har flest sysselsette med bestått fagprøve som høgaste utdanningsnivå. Fylket har færrast arbeidsledige i landet og vi er friske og raske med lågt sjukdomsfråvær og få uføre. På arbeidsmarknadsindikatoren er vi det 3. beste fylke i landet.  Det er veldig bra, men fleire kommunar i fylket har problem med å tiltrekkja seg fleire unge folk og rett kompetanse, og det er gjengs for heile landet. Kommunane og det offentlege må bli betre på å synleggjera karrieremoglegheitene og andre tilbod innan skule og fritid.

Vi er gamle og scorar lågt på kommuneøkonomi

Kombinasjonen av at Sogn og Fjordane er fylket med eldst befolkning i landet og relativt høge administrasjonskostnadar gjer at fylket er å finne heilt nedst på lista i kategorien kommuneøkonomi. På demografiindikatoren kjem Sogn og Fjordane dårleg ut, med ein 18. plass på oversikta over alle fylka.  På tross av det kan ein sjå fleire lysglimt. 18 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har betra si plassering på den nasjonale lista. Aukinga i fylkets kommunar gjeld særleg innan indikatorane demografi, næringsliv og arbeidsliv. Fjaler er ein av kommunane som har auka sin plassering mest, med heile 157 plassar frå 2011.

Sogn og Fjordane kjem best ut på Vestlandet

NHOs KommuneNM visar at endringar som rammer sentrale næringar gjer utslag for vertskommunane. Til dømes har kommunar med høg andel petroleumsretta næringsverksemd generelt gått tilbake dei siste to åra. Vestlandskommunane har hatt klart størst tilbakegang. Unntaket frå den negative tendensen i vest er kommunane i Sogn og Fjordane. Det har å gjere med at nedturen i petroleumsbransjen ikkje har ramma fylket like mykje sidan den største delen av oljekaka hovudsakleg gjekk til dei andre vestlandsfylka. Eit mangfaldig næringsliv har gitt oss fleire bein å stå på. Reiseliv og turisme, havbruk, teknologi, energi og fornybar kraft har er nokre døme på det. Ein ser også i år ein tendens til at kommunar med mykje fisk- og oppdrettsaktivitet har gått fram, og her blir blant anna Sogn og Fjordane trekt fram som eit godt døme.

Bra, men kan bli betre

Kommune-NM er eit viktig kunnskapsgrunnlag om tilstanden i våre kommunar og regionar. Vi er inne i eit valår og rangeringa av landets kommunar bør difor vera av interesse for både dei som veljar og som verte valt.Ser ein KommuneNM-analysen under eitt, sprikar resultata mellom dei 26 kommunane våre mykje. Men samla sett kjem vi ut «midt på treet». Dette kan vi gjere noko med. Har vi evne og vilje til å ta rette grep framover vil vi kunne bevega oss oppover.

Ein kjem ikkje utanom at større einingar og regionssentera vil kunne auke attraktiviteten til fylket. NHO Sogn og Fjordane trur at dei kommunesamanslåingane vi no ser, på sikt, kan slå positivt ut på fleire av dei ulike indikatorane, då det vil skapa større og meir effektive bo- og arbeidssentra, styrka relevante utdanningstilbod og fagmiljø. I tilknyting til dette må vi dessutan satse sterkare på infrastrukturtiltak. I liten grad styre kommunane bygginga av de viktigaste veiene, men dei er ein viktig premissleverandør og kan påverke Stortinget og fylkeskommunen til økt satsing på transport som binder større arbeidsmarknadar samen og ikkje minst sørga for betre levering av varer. 

Vi har mykje gode krefter i dette fylket, nyskapande miljø, spennande bedrifter og høg kompetanse i det offentlege. Det å ha eit mangfaldig næringsliv og fleire bein å stå på er positivt for Sogn og Fjordane. Men vi må også synleggjera dei spesifikke tinga vi er god på og drøfta kva vi som fylke vil assosierast med.

Tilstanden i kommunane våre er viktig. Skal vi oppretthalde dei velferdsgodane vi har og utvikla velferdssamfunnet vidare må vi skapa fleire arbeidsplassar i kommunane. Skal vi lykkas med det må næringslivet i fylket no satsa på dei mulegheitene framtida vil opne opp for av nye næringar. Her må også kommunane henga med, ved å leggje til rette for vidare vekst og utvikling. Gode rammevilkår er då heilt avgjerande.  

NHOs Kommune-NM ser på indikatorar innan fem kategoriar som er særleg viktig for norske bedrifter. Dei fem kategoriane er næringsliv og privatøkonomi, kompetanse, arbeidsmarknad, demografi og kommuneøkonomi. Talgrunnlaget er utarbeida av Menon Economics, med  2016 data frå SSB.