Seriøse bedrifter har lærlingar

Eitt av forslaga i regjeringa sin strategi, er å innføre lærlingklausular i offentlege tilbod. Bedrifter som har offentlege oppdrag, må ha lærlingar på det aktuelle oppdraget. Dette er veldig positivt, og noko vi har etterspurt lenge.

Publisert 12.02.15

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Av Holger Aasen, seniorrådgjevar NHO Sogn og Fjordane

Godkjende lærebedrifter er ofte dei mest seriøse. Lærlingklausular i offentlege anskaffingar  stimulerer dessutan til gode arbeidstilhøve for dei tilsette.

Samtidig sikrar dette nyrekruttering til yrkesfag og at norske bedrifter har god tilgang på kompetent arbeidskraft. Det er ikkje minst viktig, ettersom Norge har eit stort behov for fagarbeidarar no og i framtida. Fag- og yrkesopplæringa  har utfordringar med å rekruttere ungdom og altfor få gjennomfører til fag- og sveinebrev. Vi må ha nok lærlingplassar og sikre kompetanseoverføring, slik at vi kan vidareføre fagkunnskap til nye generasjonar. Denne fagkunnskapen er avgjerande for verdiskaping  i store delar av næringslivet.

Kvart  år kjøper det offentlige inn for omlag 400 milliardar koner på landsbasis. For Sogn og Fjordane isolert er også summane store. Det er difor bra å nytte offentlege innkjøp til å stimulere til å ta inn fleire lærlingar. Det vert knytt krav til at leverandørar til offentlege prosjekt, der det er naturleg, skal ha lærlingar på det konkrete oppdraget. I tillegg ligg det ei rad mogelegheiter i den innkjøpsmakta  det offentlige sit med: Skatte- og HMS-attestar må nyttast og sjekkast. Tal ledd i kontraktskjeden i bygg må dessutan avgrensast, og kontraktskrav må følgjast opp.

Men også i privat sektor ser vi at det må handlast kjapt og effektivt. Vi ser til dømes at den positive utviklinga som no kjem til syne i Høyanger, med ny aktivitet i det tidlegare Fundoanlegget, gjer til at ein treng meir arbeidskraft. Den er det ikkje lett å finne. Slik er det mange stader, og dersom vi ikkje skal oppleve ei «tørke» i tilgangen på faglærd kompetanse, må vi få fleire gjennom eit lærlingløp. Her har altså både det offentlege og det private eit stort ansvar. Vi i NHO Sogn og Fjordane skal sjølvsagt bidra med vårt for at fleire unge og lovande skal velje yrkesfag og få tilgang til lærlingplassar i fylket.