Skal Sogn og Fjordane vere i teten?

Offentleg sektor i fylke skal dei neste åra gjennomføre tunge investeringar i nye bygg og oppgradering av eksisterande bygg. Skal dette skje på tradisjonelt vis eller skal desse prosjekta vise vegen og skape framtidsretta, miljøvenlege og energieffektive bygg?

Miljøbyggkonferansen finn stad i Operahuset på Nordfjordeid 12. november. Operahuset er og eit godt døme på bruk av energieffektive løysingar, m.a. ved bruk av energi frå fjorden. Foto: Øystein Torheim

Publisert 09.11.15

Sogn og Fjordane

I kronikk i media set regiondirektøren ved NHO Sogn og Fjordane, Fylkesdirektør for næring og Fylkesdirektør for Plan og Samfunn, i Fylkeskommunen, direktør i Innovasjon Norge og styreleiar i Energikompetansesenter, spørsmålstegn om vi i dette fylke har vilje til å ta sats for å nytte kompetansen som ligg i bedriftene våre - til å skape framtidas bygg - i dag?

Byggebransjen og byggrelatert industri i vårt fylke ligg godt over landsgjennomsnittet når det gjeld arbeidsplassar relativt sett - med andre ord er dette eit område i næringslivet vårt er sterke på.

Kan vi skape ein vinn-vinn situasjon for både offentlege byggherrar som anten skal bygge nye bygg eller oppgradere eksisterande bygningsmasse, og for bedrifter som har løysingar som har internasjonalt potensial?

Om kommunar og andre offentlege byggherrar går saman og i fellesskap utfordrar bedriftene som kan levere dei gode og framtidsretta løysingane, vil ein til saman kunne etterspørre eit volum som gjer at leveransane kan bli kostnadseffektive. Spørsmålet er altså: Vil vi? Kan vi?

Les heile innlegget her.

 

På Miljøbyggkonferansen 2015 på Eid, torsdag 12. nov kan du  delta i debatten og kome med innspel i kva retning vi skal gå. Konferanse er for deg som:

  • Sel til det offentlege eller ønskjer det offentlege som kunde, og bli ein foretrukken leverandør i framtida

  • Er toppleiarar eller tilsette i det offentlege som tek dykkar samfunnsoppdrag på alvor, og ønskjer bruke dei offentlege kronene på best muleg måte med dei mest framtidsretta løysingane

Meld deg på konferansen no!

PROGRAM OG PÅMELDING

Siste frist for påmelding i morgon, tysdag 10.november!