Skap mindre alkoholbyråkrati!

Frå årsskiftet kan kommunepolitikarane i Sogn og Fjordane forenkle kvardagen for serveringsbransjen.

Publisert 14.09.15

Sogn og Fjordane, Vi meinar

I dag er det kring 280 bedrifter med skjenkeløyve i Sogn og Fjordane. Etter haustens kommuneval må samtlege løyveinnehavarar søkje kommunestyra sine om nye skjenkeløyve. Det gjelder sjølv om ei bedrift har drive plettfritt dei siste fire åra. Frå 1. januar 2016 blir det opp til kommunane sjølve om dei vil krevje slike søknader, eller om løyva kan halde fram vidare til neste kommuneval utan ny søknad.

 NHO Sogn og Fjordane vil oppmode dei påtroppande kommunestyra i fylket til å nytte seg av denne forenklingsmoglegheita. Det vil nemleg spare både bedrifter og det offentlege for store summar.

 Ein bedriftseigar bruker anslagsvis 12 timar på kvar søknad om skjenkeløyve, ifølgje ei kartlegging Helse- og omsorgsdepartementet gjennomførte i 2007. Det gir ein samla kostnad på over 1,3 millionar kroner for løyveinnehavarane i Sogn og Fjordane. I tillegg kjem dei kommunale utgiftene knytt til søknadshandsaminga, som ligg ein stad mellom 6000 og 10.000 kroner per søknad.

 Med den nye ordninga kan kommunar likevel bestemme at det må søkjast om fornying for einskilde grupper av skjenkeløyve, medan andre kan halde fram vidare utan søknad. Kommunen kan t.d. bestemme at det må søkjast på nytt for verksemder som ligg i eit særleg utelivsområde eller i nærleiken av aktivitetar for ungdom. Kommunane sin tilgang til utstrekt kontroll og til å inndra løyve skal halde fram som i dag.

 Framlegget til lovendring er eit reint forenklingstiltak for serveringsbedriftene og inneber ikkje ei liberalisering av alkohollova. NHO Sogn og Fjordane meiner at har ein først fått skjenkeløyve og ikkje brote alkohollova, er det lite hensiktsmessig å måtte søkje på nytt kvart fjerde år.

 

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419