Skap rom for investeringar og arbeidsplassar

Som følgje av nedgangen i petroleumsaktiviteten har industrien på kysten av Sogn og Fjordane store utfordringar. Både Havyard Leirvik i Hyllestad og Båtbygg på Raudeberg har begge gitt klar melding om at noko må gjerast for at dei skal kunne halde hjula i gang.

Publisert 07.10.15

Sogn og Fjordane

Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane.

Den petromaritime næringa elles i fylket har også stadfesta at utfordringane er store. Berre i Florø er mange allereie oppsagde som følgje av investeringstørke i petroleumsbransjen.

Og det er akkurat her ein del av løysinga ligg; på investeringssida. Skal t.d. verftsindustrien og leverandørindustrien kunne halde hovudet over vatnet og ikkje tape den kompetansen dei har, må det komme opp insentiv som gjer det muleg å satse sjølv i desse vanskelege tidene. Verken regjering eller storting kan vedta at oljeprisen skal aukast slik at selskapa igjen skal investere på sokkelen gjennom utbygging og større leiteaktivitet. Men styresmaktene våre kan faktisk gjere det meir attraktivt å investere her heime enn i utlandet, også i desse tider.

Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett og skattereform kan etter vårt syn bøte på nokre av utfordringane, dersom Stortinget ikkje set foten ned. Og vi kjem her ikkje unna det som har med skattlegging å gjere, utan at det har noko som helst med den vanlege retorikken om at ein no vil ta frå dei fattige og gje til dei rikaste. Stikkordet her er reduksjon i selskapsskatten, som vil føre til fleire og større investeringar i næringslivet, til beste for eksisterande og framtidige arbeidsplassar, ikkje minst på kysten vår. 

Ei grundig skattereform med brei tilslutning på Stortinget vil altså bidra til å sikre grunnlaget for arbeidsplassar. Difor er det no avgjerande at Stortinget samlar seg om ei heilskapleg skattereform og ein forpliktande plan for gjennomføring slik at skattesystemet blir føreseieleg for bedriftene. Utan dette vil Norge henge ytterlegare etter nabolanda våre og kan fort trekke Svarte-Per i kampen om framtidige investeringar.

I statsbudsjettet går regjeringa inn for å senke selskapsskatten frå 27 til 25 prosent. Det er bra at nedtrappinga startar, og at regjeringa signaliserer at den vil vidare ned. Det vil som sagt vere eit viktig bidrag til omstilling i Norge og nye investeringar i næringslivet om det blir eit breitt forlik i Stortinget om ein plan for å komme vidare ned mot finsk nivå, 20 prosent. Med eit breitt forlik kan bedriftene då satse innanfor stabile og føreseielege rammer.

I åra som er gått sidan den forrige skattereforma i 1992 har verda endra seg monaleg. Økonomien har blitt globalisert og kapitalen har blitt dramatisk meir mobil over landegrensene. Dette skaper utfordringar i skattesystemet som andre land i stor grad har tatt konsekvensen av. Dei har sett ned skattesatsane sine for bedrifter, medan det norske skattesystemet førebels har stått dønn stille. Men no trengst det endring ved ei ny skattereform.

Dei andre nordiske landa har bedriftskattesatsar ned mot 20-talet, medan Norge per i dag har 27 prosent. Dette gjer Norge til eit mindre attraktivt land å investere i fordi skatten på overskot er for høg. Men samstundes med dette er vi eit svært attraktivt land å drive skattetilpassing i for multinasjonale selskap fordi satsane for frådrag er så høge. På sikt vil dette kunne svekke grunnlaget for velferda vår. Grunnen til det er enkel: Investeringane i næringsverksemd blir redusert. Dermed blir også produktiviteten av arbeidskrafta og talet på arbeidsplassar redusert, noko som i sin tur medfører ein reduksjon i dei skatteinntektene som skal finansiere velferda vår. 

Kombinasjonen av høge arbeidskraftkostnader og høg selskapsskatt svekkjer altså omstillingsevna i norsk økonomi. Det høge lønsnivået i Norge har delvis vore ein konsekvens av høg lønsevne i petroleumssektoren. Alle ser at denne utviklinga ikkje vil vare. Difor er det spesielt viktig at selskapsskatten blir redusert no. Dessutan skal ein vere klar over at det meste av selskapsskatten (faktisk mellom 70 og 100 %, ifølge Scheelutvalet) i realiteten blir betalt av vanlege lønstakarar. Ein reduksjon i selskapsskatten er difor på fleire måtar viktig for arbeidstakarar og sysselsetting i Norge.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419