Skatt for vekst og utvikling

Tøffe tider på byrjinga av 90-talet gav ei heilt naudsynt og vellukka skattereform. No når mange bedrifter igjen slit og den internasjonale konkurransen er knallhard, treng vi ei ny og grundig reform.

Publisert 26.01.16

Sogn og Fjordane

I desse dagar handsamar Stortinget skattemeldinga. Her bør skattereforma av 1992 vere ein inspirasjon. Det må gjerast naudsynte og dristige grep i skattesystemet, og ikkje avgrense det til mindre endringar som krev ny justering om få år. Vinsten kan då vise seg å bli stor.

Situasjonen i 1992 minner faktisk om i dag. Det var tøffe tider på slutten av 1980-talet og skattesystemet var slett ikkje rigga for å stimulere til investeringar og vekst. Skattesystemet bidrog heller ikkje då til at pengar blei investert slik at samfunnsnytten blei størst muleg, men heller til at skattebesparelsen blei størst muleg.

 I 1992 gjekk ein difor drastisk og modig til verks og reduserte skatten på kapitalinntekter og selskapsoverskot med 22,8 prosentpoeng, frå 50,8 til 28 prosent. Det var heile 10 prosentpoeng under OECD-gjennomsnittet. Samstundes blei mange frådrag og avsetjingsordningar rydda bort.

 Det er godt dokumentert at skattereforma den gongen bidrog vesentleg til den påfølgjande økonomiske veksten og veksten i skatteinntekter frå selskapa utover på 1990-talet, slik figuren under viser. Lægre selskapsskattesats og breiare grunnlag bidrog rett og slett til høgare skatteinntekter.

 Men sjølvsagt er ikkje alt i dag likt med situasjonen i 1992. Som sagt er skattesystemet i dag heller ikkje rigga for å stimulere til investeringar og vekst, men det er av andre årsaker enn i 1992. I dag lever vi i og med ein langt meir global økonomi, der bl.a. kapital blir flytta enkelt og kjapt over landegrensene, og internasjonale selskap tilpassar seg for å betale minst muleg selskapsskatt i Norge.

 Med færre investeringar her til lands, blir også grunnlaget for mange mindre verksemder svekka. Det blir færre arbeidsplassar, og Norge taper skatteinntekter som er viktige for å løyse samfunns- og velferdsoppgåvene. Vi må difor legge til rette for at det heile tida kjem ny verksemd og nye arbeidsplassar som kompenserer for dei som forsvinn. Her vil skatteinstrumentet vere ei sentral brikke.

 Ei ny og grundig reform av skattesystemet vil altså vere eit viktig bidrag til vidare økonomisk vekst, og såleis legge grunnlag for framtidige skatteinntekter. Kjerna i reforma er lægre selskapsskatt. Scheelutvalet meinte at 20 prosent vil vere eit passande nivå – gitt dagens skattenivå i land vi bør kunne samanlikne oss med. Satsane i andre land blir dessutan reduserte raskt, og det er såleis ikkje sikkert at 20-prosenten er lågt nok om nokre år. Men i denne omgang meiner NHO likevel at satsen bør reduserast til 20 prosent i 2018.

I 1992 finansierte ein satsreduksjonen ved å utvide grunnlaget for selskapsskatten. I dag er det mindre rom for dette. Vi meiner difor at satsreduksjonen må finansierast ved å flytte skattebyrden over på meir robuste skatteområder som forbruk og fast eigedom, altså område som ikkje genererer næringsvekst og arbeidsplassar i same grad.

 Skattesystemet må med andre ord leggjast opp slik at det stimulerer til privat eigarskap i norske bedrifter, og ikkje berre investeringar i bustader og hytter. I nedgangstider er bedriftene ekstra sårbare, og det gir då endå mindre meining at eigarane skal måtte ta ut utbytte for å betale formuesskatt dei åra då bedrifta går med underskot.

Difor oppmodar NHO igjen til at formuesskatten blir avvika, eller i alle fall at næringsrelatert kapital blir skjerma slik regjeringa i stortingsmeldinga har sagt at den vil vurdere.

 I dag opplever mange bedrifter store utfordringar med ordretørke og nedbemanning. Det hastar difor å få på plass eit skatteregime som stimulerer til investeringar, vekst og utvikling. Slik kan vi lette dei vanskelege omstillingsprosessane næringslivet står overfor, og slik vil vi kunne vere best muleg rigga for ny vekst og fleire arbeidsplassar.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419