Smarte løysningar frå Dale til Europa

Enoro AS har etablert seg som ein marknadsleiande leverandør av software og tenester for energibransjen i Noreg og Norden. No siktar dei mot å styrke sin posisjon også lenger ned på kontinentet.

Publisert 26.11.14

Sogn og Fjordane

Abelia, NHOs foreining for kunnskaps- og teknologibedrifter besøkte Sogn og Fjordane for å møte fleire spennande bedrifter, mellom anna Vestlandsforskning, Rocketfarm og Highsoft. I den samanheng var NHO Sogn og Fjordane med til Enoro, der vi møtte Country Manager Johhny Haugsbakk som lærte oss meir om korleis dei, frå Dale i Sunnfjord, har bygd seg opp både nasjonalt og internasjonalt.

Med fokus på å skape vekst og effektivitet for sine kundar tilbyr Enoro konsulenttenester, applikasjonsutvikling og support. Bedrifta har i dag nesten 300 tilsette i 5 land, og dei satsar mellom anna i Sveits, Tyskland og Nederland. På kontoret i Dale jobbar 80 høgt kompetente medarbeidarar, og Haugsbakk trekk frem kompetansen og trivselen i bedrifta når han snakkar om suksesskriterier.  "Vi har eit sterkt fokus på rekruttering, og vi er opptekne av å være synlege på fleire arenaer. Noko av det viktigaste når det kjem til dette er at dei vi tilset skal føle at dei er med på å løyse problem".

Med sterkt entreprenørskap i botn satsar Enoro på å vere først ute med dei beste produkta, mellom anna innanfor kundeinformasjonssystem og MDM-system. Haugsbakk fortel at dei no har omtrent 400 kundar i Norden og Sentral-Europa, og at dei har klare mål om å styrke sin marknadsleiande posisjon i dei nordiske landa, samtidig som dei vil ta vidare steg i Europa.

NHO Sogn og Fjordane er imponert over det Enoro får til frå sine kontorar i Dale. "Enoro er eit bevis på at ein kan drive innovativ næring i fylket vårt med våre små tettstader. Berre ein har god infrastruktur og tilgang på nett med god kapasitet er det fullt muleg å drive godt med heile verda som marknad", seier Regiondirektør Jan Atle Stang.

"Eg er utruleg imponert over kva bedrifta har utvikla av produkt til forbrukarmarknaden, der ein kan få god oversikt over eige energiforbruk og kan sjølv styre dette etter behov og økonomiske insitament.  – Dette produktet vil eg ha!", seier rådgjevar Marit Gjerstad.

Les meir om Enoro her