Smått er godt?

Overskrifta er inspirert av årets sommarrevy i Florø, berre at vi har eit spørsmålsteikn bak. Årets KommuneNM er publisert og NHO Sogn og Fjordane tar tempen på fylket. Er smått det beste? Den som leser får sjå…

Publisert 10.08.15

Sogn og Fjordane

Framleis er topp20-lista dominert av kystkommunar under årets KommuneNM, men ingen av dei er i Sogn og Fjordane. Kommunane på topp er prega av høg befolkningstetthet, dei er nær universiteter og/eller dei er prega av næringsklynger innanfor petroleum og teknologi. Andre som er i tet har ei god demografisk utvikling og sterk kommuneøkonomi.

NHO sitt KommuneNM 2015 tar for seg 5 ulike områder som til saman består av 22 indikatorar. Generelt sett gjer kommunane i Sogn og Fjordane det heilt middels og lågare på skalaen. Dei beste kommunane er Sogndal (22), Leikanger (26), Førde (34). Det varierer for dei enkelte indikatorane. Sjå forklaring for indikatorane her.

Kommunane som skårar best på Næringsliv har høg verdiskaping, høgt inntektsnivå og stor del privat sysselsetting. Her har Hyllestad skutt i veret, frå plass 364 i 2013 til plass 33 i 2014. Hyllestad har vore omstillingskommune sidan 2010.

Ser ein på tema Arbeidsmarknad, så er stikkorda her låg del uføre, lågt sjukefråver og høg grad av arbeidsmarknadsintegrasjon. Typiske kommunar som er høgt på tabellen her er bustadområder der innbyggjarane pendlar til bykommunar, eller lærestadar utanfor sentra. Her er 3 av fylkets kommunar inne på topp 20-lista. Leikanger, Førde og Sogndal. Leikanger har låg arbeidsmarknadsintegrasjon, men kjem høgt opp grunna høg sysselsettingsandel.

Demografiindikatorane dekker befolkningsvekst, netto innflytting, alderssamansetninga i arbeidsmarkanden og unge i forhold til eldre. Her kjem fylket ikkje så godt ut. Sogndal er best på 22.plass og Førde på plass nr. 56, men brorparten kjem på nedre del av skalaen med Solund heilt nede på 422. plass. Fellestrekk for kommunane som gjer det mindre bra på denne indikatoren er at dei er små og desentrale kommunar med høg grad av fråflytting og aldrande befolkning. På Kompetanse er Leikanger igjen i tet, på ein 2.plass. Denne indikatoren dekker utdanningsnivået blant sysselsette i kommunen, utdanning over 4 år, del med teknisk/ naturvitskapeleg utdanning opptil 4 år og fagutdanning som er viktig for næringslivet. Årsaken til Leikanger sin gode plassering er mellom anna fylkesadministrasjonen og Statens Vegvesen. Kommunen har høg innpendling og lite privat næringsliv, noko ein ser på Næringslivsindikatoren der Leikanger er på plass 413.

For å drøfte tittelen på denne kronikken vil vi sjå nærmare på  indikatoren Kommuneøkonomi. Denne indikatoren syner store skilnader i kommune-Noreg. Særleg er det stor variasjon i kommunale administrasjonsutgifter per innbyggjar. Snittet i landet er på 3.600 kr. I Sogn og Fjordane er det Aurland som toppar lista med 13.158 i kommunale administrasjonsutgifter per innbyggjar, mens Sogndal er på andre sida med 2.911 kr.

Ser ein på alle analysane sidan 2009 har den største forskjellen mellom alle kommunane auka mest for indikatoren som omfattar kommuneøkonomi. Det er spesielt blitt høgare spreiing i kommunens betalingsevne målt i arbeidskapital i prosent av brutto driftsinntekter. Ein negativ arbeidskapital vil sei at kommunen ikkje har nok tilgjengelege midlar til å dekke løypande utgifter. Frå 2009 til 2014 har talet av kommunar som har negativ arbeidskapital blitt meir enn dobla. I 2009 hadde Vik og Bremanger negativ arbeidskapital, i 2014 kan vi plusse på Selje, Vågsøy, Naustdal og Høyanger, i tillegg til Vik og Bremanger.

Noko av forklaringa for Vik og Bremanger er nok Terra-saken, men vi kan ikkje tillate ei vidare utvikling der fleire kommunar havnar i dette selskapet.

Ser ein på dei som ragar høgast kan ein få inntrykk av at dei små kommunane jamt over kjem dårlegare ut enn dei store kommunane. Så, no ryker kanskje påstanden i tittelen om at Smått er godt? For å ta steget vidare har Vista analyse sett på om det er signifikante samanhengar mellom folketal, sentralitet og dei enkelte indikatorane. Det er signifikante samanhengar mellom folketal og næringslivsindikatorane (verdiskaping, nyetableringar og inntektsnivå). Sysselsettinga er òg høgare i dei folkerike kommunane og det er fleire yngre i desse kommunane. Det er signifikante samanhengar mellom folketal og utdanning, men her er den negativ for fagprøveutdanning. Det vil sei at det er fleire fagutdanna i dei mindre kommunane enn i dei større. Administrasjonsutgiftene er lågare for større kommunar, som henger saman med stordriftsfordelar. Men, når kommunen bikkar 50.000 innbyggarar så kan det tyde på at det er lite å hente på stordriftsfordelar. Kommunane i Sogn og Fjordane har uansett eit stykke opp dit.

Det er ikkje alltid slik at mindre kommunar rangerer lågare enn større kommunar. Mange små kommunar kjem langt høgare opp på lista enn kommunar som har høgare folketal. Kva er det som karakteriserer desse kommunane?
Gjennomsnittskommunen i Noreg har i overkant av 12.000 innbyggarar. Dei kommunane ein karakteriserer som små har færre enn 6000 innbyggarar, store har fleire enn 15.000. Dei små kommunane som gjer det bra pregast av eit sterkt næringsliv knytt til naturressursar som offshore, fiskeri, skipsverft, reiseliv, vasskraftressursar eller ringverknadar av store offentlege enkeltverksemder (som Leikanger). Dei små kommunane som gjer det bra har sterke arbeidsmarknadar med relativ høg del privat sysselsetting, låg arbeidsledighet, få uføre og lågt sjukefråvær. Den kommunale betalingsevna er god, men dei små kommunane trekkast ned i den samla rangeringa på grunn av høge kommunale administrasjonsutgifter og eigedomsskatt. Høge administrasjonsutgifter per innbyggjar er ein naturleg konsekvens av låg befolkning i desse små kommunane.

Ein har gjennom analysen sett at det naturgitte næringsgrunnlaget er eit viktig utgangspunkt for den vidare utviklinga i næringar og busetting. Det er kommunale kostnadar ein mellom anna må ta tak i, dette er klart lågare i store kommunar, som henger saman med at ein del kostnadar ved drift av kommunane er faste, og i større kommunar er det fleire som deler på desse. Vi vil difor påstå at Smått er ikkje godt. Mykje har skjedd i utviklinga kring infrastruktur og teknologi, mykje kan effektiviserast og profesjonaliserast i kommune-Norge, og vi er overtydd om at tenestene til innbyggjarane vil bli betre. Tida er overmoden for ein ny kommunereform.