Søk BKA-midlar til kurs på arbeidsplassen

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk lyser ut BKA-midlar til kurs i lesing, skriving, rekning, munnleg og digitale ferdigheter. Private og offentlige verksemder kan søke. Søknadsfrist er 11. november 2014.

Publisert 26.08.14

Sogn og Fjordane

-No gir BKA også støtte til opplæring i munnlege ferdigheter. Verksemdene har etterspurt dette lenge, så vi er glade for at dei som trenger munnleg opplæring nå kan få kursmidlar, seier Jan Ellertsen, direktør i Vox.

BKA (Basiskompetanse i arbeidslivet) er eit ledd i regjeringas kompetansepolitikk og skal bidra til at vaksne får naudsynt kompetanse til å meistre krav og omstilling i arbeidslivet.

  • Tilskotet dekker hovuddelen av opplæringskostnaden.
  • Verksemda bidrar med lokalar og administrasjon.
  • BKA bidrar til høgare effektivitet, færre feil, betre rapportering og motiverte tilsette.

PIAAC-undersøkinga viser at 400 000 vaksne har behov for opplæring i grunnleggande leseferdigheter, for å kunne meistre utfordringar i jobb og samfunnsliv.

Søk BKA-midlar her

Sjå film for meir info om BKA

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860