Store kommunar og lokal velferd

NHO har foreslått at 77 større kommunar bør erstatte dagens 428. Dagens regionale bu- og arbeidsmarknader har vakst enormt sidan 1960-åra, då dagens kommunegrenser blei bestemt.

Publisert 22.09.15

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Då blei kommunetalet redusert med 290, trass i at kommunikasjonane den gong var langt dårlegare enn i dag. Om ein kommunesektor beståande av små kommunar var det beste ville vi vore over 700 kommunar i dag. Men sidan førre kommunereform har samfunnet endra seg radikalt med omsyn til infrastruktur, teknologi og befolkningsgrunnlag.

Sjølv om ein del organisasjonar hardnakka kjempar for småskala kommunar, meiner NHO Sogn og Fjordane likevel at dersom vi ikkje gjer noko med strukturen no, vil mange småkommunar ikkje greie å gje innbyggjarane sine eit godt nok tilbod. Resultatet kan bli at oppgåver blir flytta over til høgare forvaltningsnivå. Slik sett vil det å ikkje gjere noko kunne bety ei ytterlegare utarming av kommunane si reelle rolle i samfunnet og ei styrka sentralisering.

For Sogn og Fjordane har NHO som eit utgangspunkt foreslått fire kommunar. Heller ikkje alle desse kan kallast store når det gjeld folketal. Men vi har prøvd å foreslå ein struktur som betre kan møte framtida. Sjølv om mange innbyggjarar er tilfredse med tenestenivået i kommunen sin i dag, er det likevel ikkje tvil om at mange distrikt slit med låg attraktivitet. Det blir for smått for mange, spesielt unge. Sjølvsagt er det bra at ein er nøgd med tenestene, men grunnen er m.a. innretninga på inntekts- og skatteutjamninga, der mange småkommunar får betydelege overføringar som nettopp er meint å sikre eit godt tilbod. 

Men det er viktig å hugse på at auka overføringar ikkje løyser problema for småkommunar i all framtid når befolkningsutviklinga er negativ og aldersbereevna blir svekka. Ved å slå saman kommunar vil ein i område med lange avstandar, svakt befolkningsgrunnlag og einsidig næringsgrunnlag, stå sterkare i høve kulturelle, næringsmessige og geografiske variasjonar. I tillegg kjem ei styrking av fagmiljøa og eit meir samordna planregime, for å nemne noko. Kommunesamanslåing er såleis eit svar på dei demografiske endringane som har gått føre seg dei siste 30 åra.

Så får vi spørsmåla:
1) Betyr ei reform at skuler og sjukeheimar skal leggast ned og sentraliserast, og at det blir slutt på lokaldemokratiet?  Nei, den lokale velferda vil leve godt.  Det er ikkje talet på rådmenn i området som barnehagane er avhengige av. Det er heller ikkje talet på rådhus i regionen som styrer talet på eldresenter. 
2) Betyr reforma slutten på lokaldemokratiet? Når kommunane får fleire oppgåver, som staten og fylkeskommunen har no, vil det faktisk gje den einskilde kommune eit større handlingsrom og dermed større medbestemmelserett over lokale forhold. Dette er viktig for lokaldemokratiet.

I dag blir små kommunar i stor grad styrt av administrasjonen og interkommunale selskap. Større kommunar vil ved vanlege demokratiske prosessar lettare kunne skjere igjennom for å få raskare resultat. I Danmark t.d., har kommunereforma ført til auka kvalitet i tenesteleveransane, og etter nokre år også redusert dei administrative utgiftene. Men kanskje endå viktigare; dei danske kommunane har fått auka handle- og påverknadskraft etter reforma.

Det skal framleis vere fint å bu i heile Sogn og Fjordane. Kommunereforma handlar om å levere kompetanse tilpassa framtida. Og velferda vil bli levert like lokalt som før.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419