Stort engasjement på møte om øst-vest samband

Måndag kveld inviterte samferdsleministeren til ope folkemøte i Bergen. Salen vart raskt fylt opp og køen av taletrengte bergensarar snirkla seg gjennom lokalet.

Publisert 17.02.15

Sogn og Fjordane

Bakgrunnen for møtet var rapporten frå Statens vegvesen, der dei anbefaler å satse på to vegar som skal knyte saman byane i øst og i vest. E134 over Haukelifjell er førstevalet, denne traseen er mest økonomisk gunstig, vil dekke eit stort område og forkortar reisetida med 1,25 til totalt 5,05 timer. Mange var nøgd med dette valet som hovudtrase mellom Bergen og Oslo. Rapporten er no ute på høyring.

Må ha to gode samband
Statens vegvesen meiner ein må ha to gode samband mellom byane, det er ikkje nok med berre eit samband over fjellet. Difor anbefaler Statens vegvesen at ein også satsar på rv. 52 over Hemsedalsfjellet for å sikre god og trygg vinterferdsel over fjellet. Rv. 52 blir valt mellom anna fordi det er denne vegen bilistane vil køyre. Statistikk viser at det er den fjellovergangen som nyttast mest, og trafikken er aukande. Rv. 52 er særs viktig for trafikk til og frå Bergen, Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Ved å satse på denne vegen får ein dekka eit stort geografisk område. Rapporten til Statens vegvesen peiker på at denne traseen gjer store utviklingsmulegheiter når ein ser vidare mot rv. 5. Der kan ein erstatte ferjeleiet Fodnes-Mannheller og få ein effektiv veg mot Ålesund og resten av Sunnmøre. Sist, men ikkje minst stetter rv. 52 viktige krav som den mest vintersikre, lønsame, og den som gjer størst trafikknytte øst-vest.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen på talerstolen i BergenSamferdsleminister Ketil Solvik-Olsen på talerstolen i Bergen

Tar rasproblematikken på alvor
På møtet i Bergen var fleire av ordførarane frå Sogn til stade. Dei hadde møtt samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og statssekretærar på deira ferd over ymse fjellovergangar. Det vart statssekretær Bård Hokksrud sin første oppleving med kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet. Dei hadde hatt fleire gode møte med politikarar, innbyggarar og næringsliv langs vegen. Samferdsle skaper eit stort engasjement, noko som også var tydeleg i møtet i Bergen. Det vart frå salen streka under at det i tillegg til gode vegar er særs viktig med rassikring. Solvik-Olsen sa at rasproblematikken tok dei høgst alvorleg og vil ta dette med når pengane skal fordelast ut på ulike tiltak.  

Samd med Statens vegvesen
Fleire av dei som var til stade på møte snakka varmt om rv. 7 over Hardangervidda. Særs turistnæringa meiner at denne vegen må satsast på. Men, til sist poengterte ein eigar av eit transportselskap at rv. 7 er ein veg der ein køyrer om ein ønskjer å nyte fin natur og filme vegen. Når ein vil effektivt frå A til B er det naturlege valet frå Bergen; Voss, Lærdalstunnelen, Borlaug og vidare over Hemsedalsfjellet. NHO Sogn og Fjordane er samd i prioriteringa frå Statens vegvesen og vil anbefale regjeringa å velje E134 og rv. 52 som hovudsamband øst-vest. 

Lenke: Vil prioritere vegene over Haukeli og Hemsedal

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860