Styreleiarkurs

Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane arrangerer styreleiarkurs med samlingar utover hausten.

Publisert 11.09.15

Sogn og Fjordane

I kurset følgjer styrekompetanse samt at det tek føre seg styreprosessar og  styreleiing.

Du får kjennskap til norsk lov og internasjonale standarder for styrearbeid  og - ansvar, og ei forstååing om korleis styret arbeider med selskapets risiko, samt din eigen risiko ved å vere styremedlem. Ein ser også på governance-prinsippa, og dei nye økonomiske trendane.

Kurset er tilpassa styreleiarrolla i næringslivet og tek sikte på å dyktiggjere fleire styreleiarar i Sogn og Fjordane. seier Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane.

Du lærer om teoretiske perspektiv for styrearbeid, og dei viktigaste lover og reglar som styreoppretting og drift av ASA-, AS- og ANS- selskap, samt stiftingar. Dessutan får du kjennskap til sentrale prinsipp for økonomistyring og reknskapføring.

Du lærer å utvikle metodar for samspelet mellom dagleg leiar og styret, kontrollere dei disposisjonar den utøvande leiinga gjer og å gjennomføre ein strategisk prosess.

Etter fullført kurs skal du kunne nytte teori på praktiske problemstillingar, kunne planlegge og følgje opp arbeidet med styresaker. Du skal kunne leie styremøter, og føreta etiske vurderingar og gå i djubden på sentrale emner, ha fokus på leiing, på det innovative og internasjonale perspektiv.

Kurshaldar er Kjell Standal, pedagog med erfaring frå offentlege utdanningssystem på videregåande- og høgskulenivå. Han er ekspert i styrearbeid og selskapsleiing, og  han har jobba som konsulent for fleire bedrifter i Norge, inkludert Statoil, Scatec, Flytoget, Troms Kraft, BKK, Veritas.

 For meir informasjon og påmelding:
www.innovasjonnorge.no/styreleiarkurs.

Ta kontakt om du har spørsmål, og del gjerne med andre som kan ha interesse av kurset.
Ann Elisabeth Tveit, Konsulent, 
Distriktskontoret Sogn og Fjordane
T. +47 57 65 19 43
M. + 410 85 058
ann.elisabeth.tveit@innovasjonnorge.no