Ta IA kurs frå din eigen PC, bli med på "Webinar"

NAV Arbeidslivssenter sine kurs er tilgjengeleg og gratis for alle verksemder som har ein IA avtale. Kursa vert arrangert i Førde og som webinar.

Publisert 10.03.16

Sogn og Fjordane

 Eit Webinar er eit nettbasert kurs, det einaste du treng er eigen pc/nettbrett, hovudtelefon eller høgtalar. Meld deg på kursa ved å gå inn på www.nav.no/kurs

Inkluderande arbeidsliv er et arbeidsliv for alle som kan og vil bidra. Partane i arbeidslivet dvs. arbeidstakerorganisasjonene, arbeidsgiverorganisasjonene og regjeringen har inngått en avtale - IA-avtalen - om å gjøre det norske arbeidslivet mer inkluderende.

Frå februar kan du velje å ta IA-kurs på din eigen arbeidsstad. Då startar NAV Arbeidslivssenter opp med kurs via webinar. 

Kva er eit webinar?
Eit Webinar er eit nettbasert kurs eller seminar. Alt du treng for å delta er ei datamaskin/nettbrett med internett, hovudtelefonar eller høgtalar. 
 

Kva skjer på webinaret?
På webinaret vil ein IA-rådgjevar halde ein presentasjon. Du vil sjå lysarka til presentasjonen og høyre IA-rådgjevaren sin presentasjon. 
 

Kan eg stille spørsmål under webinaret?
Ja, det er mogeleg å stille spørsmål undervegs via chat-funksjonen. Me svarer så raskt me kan, evt. etterpå dersom det ikkje let seg gjere å svare via chat. 
 

Korleis deltek eg?
Du melder deg på webinaret på www.nav.no/kurs.
I forkant av webinaret vil du få ein e-post med informasjon om korleis du loggar deg på. E-posten vil også innehalde kontaktinformasjon til ein som kan hjelpe deg med oppkopling, dersom du har behov for det. 
 

Anbefalingar
Me anbefaler at du koplar deg på i god tid før webinaret startar, slik at du får sjekke at det tekniske, inklusive lyd, fungerer.
Dersom du får spørsmål eller melding om installasjon av eit tilleggsprogram er det viktig å installere dette. 

Sjå heile kurskatalogen her.

Kontakt oss

Line Træen

Prosjektleder

NHO Sogn og Fjordane

line.traeen@nho.no
Mobil
95943895