Tettare samarbeid mellom næringsliv og utdanning

I Aftenposten 15. mars kunne vi lese om NHO sitt ferske kompetansebarometer, der det kjem fram at ni av ti bedrifter meiner at kvaliteten på dei ulike studium vil bli styrka gjennom eit tettare samarbeid med næringslivet.

Publisert 18.03.15

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

I tillegg til fagretning er yrkeserfaring den desidert viktigaste faktoren ved tilsetting av ingeniørar. Dette gjeld også i dei fleste andre yrke. Yrkesfagleg erfaring er altså heilt sentralt ved rekruttering.

På universitets- og høgskulenivå er det for det første viktig at studietilboda reflekterer arbeidsmarknaden studentane skal ut i etter avslutta utdanning. Samstundes seier bedriftene at dei mest attraktive jobbsøkjarane er dei som også kan vise til praksis og arbeidserfaring. Eit tettare samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og næringslivet vil altså gjere Høgskulen meir attraktiv både for skulesøkjarar og som rekrutteringsarena for bedriftene.

På spørsmål om kvar NHO sine medlemsbedrifter på landsbasis vil føretrekkje  å rekruttere ingeniørar og teknologar frå, kjem HiSF dårlegast ut av dei 22 institusjonane i landet. NTNU i Trondheim kjem på desidert førsteplass, medan Høgskulen i Bergen kjem på 2. plass. Dette kan sjølvsagt forklarast både med geografi og talet studieprogram Høgskulen tilbyr innan desse faga, men likevel trur vi ein har mykje å hente både på tettare band skulane imellom, samt på ein endå tettare dialog med næringslivet, både i og utanfor fylket. Men dette føreset også at bedriftene stiller opp med innspel, praksisplassar, og oppgåver til bachelor- og masterstudiar.

Forutan skulevalet til vidaregåande opplæring har NHO med fleire hatt eit stort fokus på å formidle næringslivet sin etterspurnad etter yrkesfagleg kompetanse. Søknadstala frå fylket viser at pilene peiker i rett retning, og at fleire har søkt seg inn på yrkesfaga. Både bygg- og anleggsteknikk, elektro, helse- og sosialfag, naturbruk, og service og samferdsle har i år snudd den nedgåande trenden. Teknikk og industriell produksjon (TIP) viser nedgang, kanskje ein naturleg reaksjon på bremsen i petroleumsindustrien. Samstundes viser kompetansebarometeret at etterspurnaden etter TIP-kompetansen framleis er høg. Dialogen mellom næringslivet og skulane må altså være tett for å sikre fornuftig dimensjonering av studietilboda, og god informasjon til ungdommen. Ein annan bransje som slit enormt med rekruttering er transportbransjen. Her må det gjerast ein stor jobb både frå offentleg og privat side med å auke attraktiviteten for å jobbe i denne næringa, samt at studietilboda på vidaregåande nivå må sikrast for framtidige sjåførar.

Kompetansebarometeret viser vidare at 40 prosent av bedriftene som skal tilsette ingeniørar ser på det som svært viktig at kandidatane har tatt fagbrev eller fagskuleutdanning før ingeniørstudiane startar. Kvar tredje bedrift som tilset ingeniørar meiner det er svært viktig at kandidaten har yrkeserfaring før eller i løpet av studietida. Med desse tala i bakhovudet er det heilt vesentleg å oppretthalde fokuset på å styrke den yrkesfaglege utdanninga, omdømet til yrkesfaga, og tilgangen på lærlingplassar.

Etterspurnaden etter arbeidskraft er spesielt stor innan byggebransjen, elektrobransjen og industriell produksjon. Vi ser same type etterspurnad etter fagområde både på fagarbeidarnivå og ingeniørnivå, noko som er interessant med tanke på å dimensjonere utdanningstilboda. Ingen kan slå fast korleis framtida vil sjå ut, men vi trur at både næringslivet og utdanningsinstitusjonane kan posisjonere seg smartare med ein tettare dialog, og eit endå betre samarbeid.

Omdømme er eit omgrep som ofte går igjen når det blir peika på utfordringar i fylket. Dette gjer seg gjeldande både for tilflytting, rekruttering til næringslivet, og søkjartal på høgare utdanning så vel som yrkesfag. Omdøme er ei oppfatning sett utanfrå, mens merkevarebygging er det ein jobbar med internt. NHO Sogn og Fjordane trur samarbeid og samhandling er nøkkelen til å bygge ein sterkare merkevare i mangfaldet av verksemder og institusjonar, og dermed også oppnå eit betre omdømme for fylket som heilskap. Det handlar om å spele kvarandre gode, og å dra nytte av dei positive synergiane som oppstår når ei bedrift, ein skule eller ein kommune lukkast. Mykje ligg til rette for at både næringslivet og utdanningsmiljøa i fylket kan utvikle seg og vekse i framtida, viss ein løftar blikket og ser mulegheitene for fruktbart og gjensidig samarbeid.  

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419