Til fots for næringslivet

NHO sitt nye konsept Gå for næringslivet blir gjennom hausten rulla ut i heile landet. På 4 stader i Sogn og Fjordane skal politikarar og næringsliv ut på tur der ein kan diskutere saker og politikk som er viktig for bedriftene i Sogn og Fjordane.

Hydro Høyanger Fotograf: NHO Sogn og Fjordane

#205

Publisert 16.08.16

Sogn og Fjordane

-Her kan ein pådra seg både eit gnagsår og auka kunnskap om kva som er viktig for at bedriftene i fylket skal kunne vekse og tilsette fleire folk, seier regiondirektør Jan Atle Stang. Privat næringsliv er bærebjelken i eit kvart lokalsamfunn og kommune, og det er difor vesentleg at næringspolitikken er tilpassa til det moderne næringsliv og at kommunen er ein god samarbeidspart som har næringsutvikling langt oppe på lista. Og det er nettopp dette lokalpolitikarar og fylkespolitikarar kan få innspel til frå bedriftene på den korte gåturen.

Det er NHO sine medlemmar som får mulegheita til å spasere saman med politikarar. Bedriftsleiarar gjer uttrykk for at dei manglar møteplassar der dei kan snakke direkte med politikarar, no får dei tilbod om ein slik arena, der ein uformelt kan gje dei som styrer i kommunen og fylket innsikt i korleis deira kvardag er og kva utfordringar dei opplever med å drive næring i fjordfylket.

Gå for næringslivet vil vere på følgande stader:

Førde – 27.sept kl. 10:00 – 11:30

Florø – 30.sept kl. 10:00 – 11:30

Sogndal – 04.10 kl. 11:00 – 12:30

Nordfjordeid – 06.10 kl. 11:00 – 12:30

 Ønskjer du meir informasjon om arrangementet eller å delta? Ta kontakt med Marit Gjerstad, mg@nho.no

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860