Val 2015 – 6 dialogmøter

NHO Sogn og Fjordane har gjennomført seks dialogmøte kringom i fylket. Det har vore godt oppmøte og særs gode ordskifte i samband med valet 2015.

Bilete er teke frå valmøte i Måløy 2. september.

Publisert 11.09.15

Sogn og Fjordane

Møta vart gjennomførte i Sogndal, Florø, Førde, Nordfjordeid, Måløy og Høyanger. Desse er valt av den enkle grunn at NHO Sogn og Fjordane har styrerepresentantar frå dei respektive stadane. På møta hadde vi innleiing anten av redaktøren i lokalavisa eller leiar for næringsselskap. Deretter hadde fem inviterte bedrifter ei kort innleiing med ein spissa bodskap til politikarane. I etterkant av innlegga var det høve for politikarane å sleppe til med kommentarar og spørsmål. Det vart gode diskusjonar og ein god dialog mellom bedrifter og politikarar. Møteramma vart sprengt på alle møta, men det var vanskeleg å stoppe eit godt ordskifte.

Totalt har 30 bedrifter delteke og om lag 120 politikarar. Både lokal- og fylkespolitikarar, samt tre av stortingsrepresentantane våre, Ingrid Heggø (Ap), Liv Signe Navarsete (Sp) og Sveinung Rotevatn (V). Denne typen møteplass vart godt motteke av både politikarar og bedrifter, og bedriftene ser gjerne at dialogen er hyppigare enn kvart 2. valår.

Av det som kom fram på møta var dette nokre av dei viktigaste sakene:

  • Utdanning (Høgare utdanning samt stort fokus på yrkesfaga)
  • Lærlingar (Auka tilskot til lærebedrifter, tilby læreplassar)
  • Formueskatten, eigedomsskatt
  • Effektivisering av sakshandsaming i kommunane (arealplanlegging, effektivitet)
  • Kommunen si rolle som rådgjevar
  • Infrastruktur; både breiband, mobildekning og vegar ++
  • Kommunen som attraktivt bu- og arbeidsområde
  • Tilrettelegging for gründerarar - verkemiddelapparatet
  • Tilgang på risikokapital bankane og eigenkapitalkrava
  • Det grøne skifte - fornybarsamfunnet
  • Energi generelt og risiko for auka nettleige

NHO Sogn og Fjordane vil i etterkant av valet legge til rette for fleire slike møteplasser mellom næringsliv og politikarane.