Velkommen til Europadag!

Korleis kan di bedrift nytte seg av forskingsmiddel i EU? Kva norske aktørar i Brussel kan hjelpe næringslivet i fylket? Kva ambisjonar har den norske regjeringa for Europapolitikken? Dette og mykje meir får du svaret på når NHO Sogn og Fjordane inviterer til Europadag 16. april på Skei Hotel.

Publisert 09.03.15

Sogn og Fjordane

Program

Påmelding

Med europadagen vil vi gi eit innblikk i dei mange mulegheitene norsk næringsliv har i Europa, via norske aktørar i Brussel, forskingsmiddel, og gjennom ulike EU-program. Her kjem også bedrifter, organisasjonar og politikarar for å dele kunnskap og erfaringar. 

Dagens konferansier er Eirik Bergesen, styreleder i Europabevegelsen Oslo, tidligare diplomat, og som no mellom anna er redaktør for satiresida opplysningskontoret.org.

Arrangementet startar kl. 10:00 med registrering frå 09:30, og avsluttast 15:30.

Her er nokon av dei du treff på NHO sin Europadag, 16. april på Skei Hotel:

  • Norges ambisjonar for europapolitikken.

    Europaminister Vidar Helgesen måtte dessverre endre på planane sine, det blir reise til India på han istadenfor Skei, men vi har fått ei god erstatning i hans faste stedsfortreder statssekretær Ingvild Stub.

  • Bindeledd mellom norsk næringsliv og EU. Dagleg leiar Roald Gulbrandsen om NHO sitt kontor i Brussel. Direktør Merete Mikkelsen om Vest-Norges Brusselkontor.

  • Horisont 2020. Kristine Kopperud Timberlid frå Innovasjon Norge, og Vebjørn Walderhaug frå forskingsrådet vil snakke om EU sitt rammeprogram for forsking og innovasjon. Korleis kan di bedrift nytte seg av dette?

  • Bør vi ta steget ut i Europa?  Vestlandsforsking v/ Ivar Petter Grøtte. Avinet v/ Tor Gunnar Øverli. ReNorway v/ Anne van Oorschot.

  • Kvifor er dette viktig? Vi spør Alfred Bjørlo, Bjørn Hollevik og Kjartan Longva
  • Erasmus +. Katrine Moland Hansen frå Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) vil mellom anna snakke om EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett.

  • Paneldebatt. Dagleg leiar i Maritimt Forum Tord Dale, forskingsleiar i Vestlandsforsking Ivar Petter Grøtte, og dagleg leiar i Paneda AS Geir Gjørsvik.

I tillegg blir det lunsj med stands og mingling, og innlegg frå bedrifter som deler av sine erfaringar.

Påmelding via påmeldingslenka

Her kan du lese om Geir Gjørsvik i Paneda AS, som oppdaga nye mulegheiter for si bedrift på studietur i Brussel. Møt opp for å lære meir om korleis di bedrift kan utnytte dette og mye meir.